Reglane for frisiktsoner, merka med raud stipla strek på eksempla under, sier kor mange meter fra vegkryss o.l. du må klippe hekk og busker ned til 0,5 m over vegnivå. Krav til frisiktsoner er gitt i Veglova og er merka i reguleringsplanene. Storleiken på frisiktsonene varierer med vegtype, trafikkmengde og fartsgrense.
Frisiktsone - Når avkøyrsle munnar ut i bustadveg i tett busettnad
Friksiktsone - Når avkøyrsle munnar ut i samleveg
Frisiktsone - Når bustadveg munnar ut i samleveg
Frisiktsone - Når avkøyrsle kryssar gang- og sykkelveg
NÅR DU HAR TRE UT MOT KØYREFELT: Greiner må ikkje henge lavere enn 4,7 m over vegbana. Hekkar og busker må ikkje vekse ut i vegen.
Avkøyrsel - Køyreveg i tilknyting til vegnettet for ein eller eit avgrensa tal på eigedomar.
Bustadveg - Veg som gir tilkomst til bustadar.
Samleveg - Tilknytingsveg mellom tilkomstveg og hovudveg i vegsystemet.
Hovudveg - Overordna veg i vegsystemet.
Takk for at du vil gjere ein innsats for å hindre trafikkulykker i Sula.
(llustrasjonane er henta frå Ålesund kommune si brosjyre - Alf Pedersen Reklamebyrå AS, Sandnes )