Søk
Kulturkalender
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Hovedmeny >> Ung i Sula >> Musikkbinge
Musikkbinge - øvingslokale

Musikkkbingen er eit komplett øvingslokale for lokale musikarar i alle aldre. Anten du spelar i gruppe eller treng eit øvingslokale for eigen del er dette eit dette eit lydtett og godt utstyrt alternativ.

Musikkbinge i Langevåg
Bingen i Langevåg er plassert ved Friheim kulturhus og vart offisielt opna 29.10.09 av ordførar Ronny Blomvik og leiar av fagutvalet for kultur-, næring- og miljø, Øystein Grønmyr.
Nøkkel for bingen vart overrekt representantar for Ungdomsrådet v/ Guro Høydal, Yngve Bratthaug og Adrian Nilsen.

Bingen er open kl.16.00 - 22.00, 5 dagar i veka: måndag til fredag heile året, med unnatak for feriemånaden juli og høgtidsdagar. Tildelingstid vil normalt vere frå august - juni. Det blir tre ulike øvingstider å søkje på innafor desse dagane. 
Nøkkel vert kvittert ut til ansvarleg kontaktperson mot eit depositum på kr. 250,-
Toalett: i bingen henger eigen nøkkel til toalett på Friheim.

Det er Friheim kulturhus som har det daglege tilsynet med bingen.

Musikkbinge i Mauseidvåg
I løpet av hausten 2010 vil det kome ein musikkbinge på skuletomta til Måseide skule. Det er Måseide FAU som skal ha tilsyn med bingen.
Frist for søknad på øvingstid vil bli annonsert.

Søknad:
Fordeling av øvingstid skjer i løpet av våren/sommaren. Du kan også søkje utanom hovudsøkndasrunden men vert då berre kontakta dersom det framleis er ledig tid til disposisjon.
Det skal søkjast på eige skjema.
Retningsliner er utarbeidd i samarbeid med  kommunen, ungdomsrådet og Friheim kulturhus.

Søknad vert å sende:
Sula kommune, servicetorget Pb 280, 6039 Langevåg

For spørsmål kan ein kontakte servicetorget på tlf . 70 19 91 00 eller e-post: post@sula.kommune.no

Fakta:
Musikkbingen er ein modul på 7,8x4m bygd i tre, med gode resonansforhold og 50dB støydemping. Etterklangstiden er 0,4 sekund. Øvingslokalet er 23m2 samt to boder for lagring av utstyr på 1,3m2 kvar. I tillegg kjem vindfang på 1,8m2.
Det er god ventilasjon og panelomnar for oppvarming.

Skriftstørrelse
a - a - a
Kontaktinformasjon
_
_
Sula kommune
Rådhuset
Postboks 280
6039  Langevåg
 
E-post : post@sula.kommune.no
 
 
Telefon : 70 19 91 00
Faks : 70 19 91 01
Beredskap : Legevakt: 70193666 Teknisk vakt 90050777
Org.nr. : 964980543
(Kontonr) : 3910.32.90515
(Kommunenr) : 1531
_
Opningstid : 08.30 - 15.30
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Bilete for dagen
Makrellterne
Makrellterne
Fotograf: Morten Ugelvik
Levert av ACOS AS
Rådmann Edvard Anders Devold      Ordførar Ronny Blomvik