Trygt heim for ein 50-lapp

Sula kommune er med i ordninga "Trygt heim for ein 50-lapp". Ordninga gjer det mogleg for ungdom under 25 år å reise trygt heim for 50 kroner natt til laurdag.

Turane må tingast på førehand ved Ålesund Taxi tlf. 90 90 80 00 eller Ring Taxi  tlf. 07012 innan kl. 24.00 på fredagskvelden. Du vert køyrt heim inntil 3 km utanfor hovudtraseen.

Kvar passasjer betalar 50 kroner så lenge turen går innanfor dei nemnde rutetraseane. Dersom det er ledig plass, kan andre som møter opp på avreisetidspunktet nytte ordninga.
Ordninga gjeld også i sommarferien.

Dette er rutene;

1. Solavågen - Langevåg* - Vegsund.
    Avgang kl. 01.45 frå ferjekaia i Solavågen
    *Avgang fra Langevåg (busslomme ved Gavehuset) ca. kl. 02.15

2. Ålesund  - Vegsund - Langevåg.
    Avgang kl. 03.15 frå Rutebilstasjonen