Hovedmeny >> Tenester >> Barnehage
Barnehagar

Under dette menypunktet finn du informasjon om alle barnehagane i Sula kommune.

Sula kommune hadde for hovudopptaket i 2009 full barnehagedekning. Det vil seie at alle barn som hadde fylt 1 år innan utgangen av august i 2009 fekk tilbod om barnehageplass.

I kommunen er det 9 barnehagar; 4 er kommunale og 5 private. I tillegg driv Langevåg Røde Kors ein såkalla "open barnehage", denne har ope på torsdagar. 

Les meir om barnehagane ved å klikke på namnet til barnehagen i menyen til venstre.

Barnehagane har ope inntil 10 timar og 15. min. pr. dag.  Dette er etter behov og foreldre må melde frå kva for behov for opningstid dei har.  Sjå ellers vedtekter for dei kommunale barnehagane og eigne vedtekter for private barnehagar.

Alle godkjente barnehagar blir drivne i samsvar med Lov om barnehagar. 
Vi har utarbeidd ein lokal rammeplan tilpassa barnehagane i vår kommune.
I samsvar med §12 i Lov om barnehagar har Sula kommune samordna (felles) opptak av barn i kommunale og private barnehagar.

Ved søknad skal du bruke det elektroniske søknadsskjemaet.
Link til søknadsskjemaet finn du under. Servicetorget ved Rådhuset kan hjelpe til med elektroniske søknadar.

I søknaden må føresette svare på ein del spørsmål.  Dette for at barnehagesøknaden skal få rett prioritet.

Søknad til hovudopptak 2010: 01. januar- 1. mars 2010. Søknadar kan sendast inn også utanom hovudopptaket. Blir det ledige plassar i løpet av barnehageåret, tildeler vi desse til barn som står på venteliste.

Svar på plassar tildelt etter hovudopptaket blir i 2010 sendt ut seinast 8. april.

Søknad om endring av plass i barnehage/overflytting til ein annan barnehage i kommunen:

I samsvar med opptakskriteria i Sula kommune, vert endringsopptak gjort før hovudopptak 2010. For framgangsmåte: Trykk her. Frist for søknad om endring (for barn som alt har plass i barnehage): Søknad via elektronisk søknadsskjema i perioden:                     01.01 - 08.02.2010.  Dette gjeld endring frå august 2010.               Svar på endringsopptak vert sendt ut innan 5. mars 2010.             

Velkommen som søkar til barnehageplass i kommunale og private barnehagar i Sula!

Info frå barnehage
Skriftstørrelse
a - a - a
Kontaktinformasjon
_
_
Jeanette Reiten
Rådhuset
Postboks 280
6039  Langevåg
 
E-post : jeanette.reiten@sula.kommune.no
 
 
Telefon : 70 19 91 00
Faks : 70 19 91 01
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Bilete for dagen
Bekk på myrane
Bekk på myrane
Fotograf: Morten Ugelvik
Levert av ACOS AS