Søk
Kulturkalender
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910

Kultur og fritid i Sula

"Sula skal vere den leiande kultur- og friluftskommunen i Ålesundsregionen med aktive innbyggjarar som opplever samkjensle og identitet."

Under dette menypunktet finn du viktig informasjon og aktuelle nyheiter frå tenestedstader innen kommunen sitt kultur- og fritidstilbod.

Eining for kultur har følgjande ansvarsområde:
- Bibliotek
- Kulturskule
- U
tekontakt
- Fritidsklubb
- Ungdomsråd
- Idrett og friluftsliv
- Tilskotsordningar
- Saker vedr. kulturminner, generell sakshandsaming innafor kulturområdet.

I knappane øvst på sida finn du;
Ung i Sula, med utekontakt, fritidsklubb, ungdomsråd og elles informasjon og nyhende for ungdom.
Frivillige lag og organisasjonar har eiga side for registrering av organisasjonen.
Arrangement og komande hendingar registrerast i kulturkalenderen på same stad.

 

 
Info frå kultur
Informasjon Publisert 19.08.2010
30-5

Laurdag 14. august var det på dagen 30 år sidan Sula bibliotek flytta inn i lokala i Langevåg sentrum, og detta vart feira med innbodne gjestar. Både tidlegare og noverande tilsette og politikarar var tilstades. Deler av Sula Tradband stod for musikken, og det var attersyn, taler og helsingar frå fleire. Fylkesbiblioteksjefen overrekte eit "gullkanta" papir som fortel at Sula bibliotek er valgt ut til å vere "eksempelbibliotek" i Møre og Romsdal. Meir utfyllande informasjon om dette her.

Informasjon Publisert 17.08.2010
kultur

Sula kommune deler ut Kulturprisen annakvart år. Føremålet med prisen er å hjelpe fram kulturarbeidet i kommunen.

Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper eller lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen, og som har vist (vedvarande) evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege. 


Frist for å sende inn forslag er 1. november 2010.

Informasjon Publisert 11.08.2010
kultur

Idrettslag, andelslag eller andre samanslutningar kan søkje om spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsaktivitet, og som ikkje er hefta med kommersiell interesse.
Søknadsfrist 15. oktober 2010

Anlegg ein søkjer spelemidlar til skal vere idrettsfunksjonelt førehandsgodkjent.

Spelemidlar til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg har ingen søknadsfrist.
Alle søknadar om spelemidlar skal sendast elektronisk. Skjema er å finne på  idrettsanlegg.no. Her finn ein også nærare retningsliner.

Informasjon Publisert 06.07.2010
kultur

Sula kommune har kulturmidlar til fordeling.

Søknadsfrist 15. september

Informasjon Publisert 02.07.2010
Heim for ein femtilapp

Sula kommune er med i ordninga "Trygt heim for ein 50-lapp". Ordninga gjer det mogleg for ungdom under 25 år å reise trygt heim for 50 kroner natt til laurdag.

Turane må tingast på førehand ved Ålesund Taxi tlf. 90 90 80 00 eller Ring Taxi  tlf. 07012 innan kl. 24.00 på fredagskvelden. Du vert køyrt heim inntil 3 km utanfor hovudtraseen.

Informasjon Publisert 24.04.2010
Blåfjellet

Den 25. april startar Sulaturen/Bedriftstrimmen.
I år er 29 bedrifter/einingar påmelde - det tilsvarar 643 tilsette i Sula.

Informasjon Publisert 12.02.2010

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal delar årleg ut 250.000.- til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Her kan du lese meir og laste ned søknadsskjema. Fristane er 1. april og 1. desember kvart år. Held du på meg noko spennande som du treng litt økonomisk støtte til? Kanskje Ungdomsmidlane kan vere aktuelt.

Tilskotet blir gjeve til prosjekt som stimulerar til ungdomsengasjement og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylket.

Informasjon Publisert 07.01.2010
Kulturrabatt for ungdom

Kulturrabatt for ungdom er ei rabattordning for ungdom i alderen 16-20 år.
Ved å vise gyldig legitimasjon vil ungdom oppnå 25 prosent rabatt på ordinær billettpris ved utvalde kulturinstitusjonar i Møre og Romsdal.
Sjå i linken nedst på sida for nærare informasjon og oversikt over arrangørar i fylket som er med i ordninga.

Sula kommune har sidan januar 2008 vore med i ordninga Kulturrabatt for ungdom. Ordninga gjeld førebels for arrangement i regi av kommunen.

Informasjon Publisert 14.12.2009
Sulasoga

Sula kommune ønskjer å styrke vilkåra for det frivillige barne- og ungdomsarbeidet i kommunen.
I tråd med tidlegare vedtak får lag og organisasjonar no høve til å auke sine inntekter til dette arbeidet.

Salet skal gjerast i tråd med vedtekne retningsliner. Berre dei som har inngått avtale med Sula kommune får høve til å selje.
Salet av bøkene går uavkorta til barne- og ungdomsarbeid i laget/organisasjonen.

Informasjon Publisert 05.08.2009
Filmar

For framsyning og omsetning av film og videogram i næring må
ein ha løyve frå kommunen.

Alle som vil fornye gjeldande løyve, eller som ynskjer tildelt løyve, må fremje søknad til kommunen.

Informasjon Publisert 29.01.2009

Formålet med Frivillighetsregisteret er å forbetre og forenkle samhandlinga mellom frivillig verksemd og offentlege myndigheiter og styrke og bevare grunnlaget for frivillig verksemd.

Registrering i Frivillighetsregisteret er eit krav for deltaking i Grasrotandelen. Grasrotandelen er ei ordning som gjer det muleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi ein andel på inntil 5 prosent av innsatsbeløpet direkte til ein lokal organisasjon.

Informasjon Publisert 25.09.2008
GP03

Nyttar du deg av mulegheita til å legge inn arrangement og hendingar i kulturkalenderen?
På Sula er det mange arrangement av forskjellig slag, og det bør vise att på kommunen si heimeside - kalenderen skulle vore full!

Det er enkelt - er laget, organisasjon eller foreninga registrert så er det berre å legge inn arrangement og redigere ved behov.

Informasjon Publisert 05.09.2008
Sula Folkeakademi

Eit folkeakademi er eit ideelt lag som arbeider for å fremje eit allsidig kulturliv i kommunen, til dømes ved å¸arrangere foredrag, konsertar, teater eller andre typer kulturprogram.

Målsetjinga er å gje folk i alle aldre gode kulturopplevingar og å skape engasjement rundt viktige samfunnssaker.

Informasjon Publisert 10.06.2008
Von
Registrer lag og organisasjonar - slik får alle oversikt over aktive foreiningar,vel, lag, klubbar og organisasjonar i Sula kommune.

Under menyvalet Lag og organisasjonar som du finn øvst på hovudsida, kan ein registrere lag og organisasjonar og halde sidene oppdaterte på kontaktperson, tal på medlemmar, adresse, heimeside, logo o.sv.
Informasjon Publisert 11.06.2007
Heim for ein femtilapp
Natt til laurdag kan Sula-ungdom reise heim for ein 50-lapp.
Anten du er i byen, eller her på Sula skal du kome deg trygt heim.
Skriftstørrelse
a - a - a
Kontaktinformasjon
_
_
Ingunn Krosby
Rådhuset
Postboks 280
6039  Langevåg
 
E-post : ingunn.krosby@sula.kommune.no
 
 
Telefon : 70199599
Faks : 70199101
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Levert av ACOS AS