Dette skjemaet kan du bruke om du ønsker å bytte skule for barnet ditt. Om du ønsker å søke for fleire barn, må du sende inn ein søknad for kvart barn.
Overføring av opplsyningar til ny skule
Skulen eleven gjeng på per i dag vil overføre eleven si mappe til den nye skulen. Elevmappa kan innehalde:
- Resultat frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver
- Permisjonssøknadar
- Referat frå utviklingssamtalar
- Relevant korrespondanse mellom skule og heim
For elevar med spesialundervisning kan elevmappa i tilegg innhalde:
- Henvisning til PPT og pedagogiske rapportar
- Sakkunnig vurdering frå PPT
- Individuell opplæringsplan
- Vedtak om spesialundervisning
- Halvårsrapportar/årsrapportar
- Anna relevant korrespondanse
Skulen treng ikkje samtykke frå deg for å overføre desse opplysningane til den nye skulen , jf. personopplysninglova §8