Sula kommune

"Der sannheten dør" - forfattarmøte med Gunnar Berge

Den ferske forfattaren Gunnar Berge frå Fosnavåg kjem til Sula bibliotek. Han vil presentere boka si "Der sannheten dør".
Gunnar Berge har skrive ein thriller under psevdonymet Michael Cross. Hovudpersonen John Brodie er tidlegare spesialsoldat og Secret Service-agent. Forlaget beskriv boka som ein intelligent, fartsfylt og tidsaktuell thriller. Handlinga er lagt til New York og USA.
Berge vil også snakke om arbeidet med boka og det å våge å sende manuset til eit forlag. Det vert tid til samtale og spørsmål, og høve til å kjøpe boka. Biblioteket ønsker alle velkommen!

Dato
26. februar 2020
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Sula bibliotek

Informasjon om hendinga

Nettside
www.mrbiblioteket.no/sula

Arrangør

Sula bibliotek
Adresse
Fyllingvegen 11, Postboks 278
Postnummer og stad
6039 Langevåg

Kontakt

Elisabeth F. Kjerstad
Postnummer og stad