Kommunedirektøren si innstilling:
1. Sula kommunestyre godkjenner Helse- og omsorgsplan 2021-2025. Meistring og tryggleik gjennom førebygging, rehabilitering og omsorg., slik den ligg føre.
2. Føreslegne tiltak i planen er førande for vidare utvikling av tenestene, men ikkje økonomisk bindande. Kostnadskrevjande tiltak må vurderast i samanheng med budsjett og økonomiplan, eller fremjast i eigne saker.
3. Sula har i dag ei helse- og sosialteneste som driv rimeleg og er effektiv. Sektoren slit med aukande underfinansiering. Mange av bygga er arealknappe og lite eigna til dagens drift. Dette er vel kjent og også omtalt i Agenda Kaupang AS si tenesteanalyse frå 2018.
Befolkningframskrivingane varslar ein sterk vekst i dei eldste aldersgruppene komande tiår som vil skape ein auke i utgiftsbehov på 20%. Denne utgiftsveksten kan påverkast (reduserast) ved å investere klokt og organisere oss godt, slik at vi kan drifte effektivt med tilstrekkeleg kvalitet. Skal vi holde oss unna ROBEK, må vi snarast gjere vedtak og kome i gang med planlegging.
Kommunestyret viser til planen kap 3.9 og tiltaket om å "Legge fram eigen plan for byggstruktur i helse og omsorg med 10 - 20 - års perspektiv" .
Kommunestyret ber om at dette arbeidet vert prioritert."
Seniorrådgjevar Jarl Anders Moe, som har vore redaktør og sekretær for planprosessen orienterte kort om planen og høyrings-uttalane.
Fagutvalet drøfta saka og vedtok samrøystes følgande tillegg til innstillinga:
"Sula har i dag ei helse- og sosialteneste som driv rimeleg og er effektiv. Sektoren slit med aukande underfinansiering. Mange av bygga er arealknappe og lite eigna til dagens drift. Dette er vel kjent og også omtalt i Agenda Kaupang AS si tenesteanalyse frå 2018.
Befolkningframskrivingane varslar ein sterk vekst i dei eldste aldersgruppene komande tiår som vil skape ein auke i utgiftsbehov på 20%. Denne utgiftsveksten kan påverkast (reduserast) ved å investere klokt og organisere oss godt, slik at vi kan drifte effektivt med tilstrekkeleg kvalitet. Skal vi holde oss unna ROBEK, må vi snarast gjere vedtak og kome i gang med planlegging.
Kommunestyret viser til planen kap 3.9 og tiltaket om å "Legge fram eigen plan for byggstruktur i helse og omsorg med 10 - 20 - års perspektiv" . Kommunestyret ber om at dette arbeidet vert prioritert."
Kommunedirektøren si innstilling med tillegget, vart deretter samrøystes vedtatt.