Her ser du informasjon om eit møte i Formannskapet.
 
Clear
     
 

Møte i Formannskapet den 13.09.2022

Formannskapet
13.09.2022 17:00 - 18:30
Utval:Formannskapet
Dato:13.09.2022 17:00 - 18:30
Møtestad:Sula rådhus
Status:Møtet er ferdig protokollert
Sakskart:Innkalling - Formannskapet - 13.09.2022 (Hoveddokument) ()

Saksliste

  • Godkjenning av møtebok nr. 11/22 Hoveddokument 462KB
    Brevdato: 01.09.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Organisasjon og utvikling
    Sakshandsamar: Frode Elias Synnes

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Møteprotokollen vert godkjent.



    Behandling

    Sidan protokollen frå møte nr 11/22 innehaldt ei sak med opplysningar som er unntatt offentlegheit, jf offentleglova § 18Unntak for rettssaksdokument, vedtok eit samrøystes formannskap å lukke møtet under behandlinga av denne saka.

    Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedtatt.

  • Nedsetjing av og mandat for arbeidsutval - evaluering av dagens politiske organisering Hoveddokument 703KB
    Brevdato: 01.09.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Organisasjon og utvikling
    Sakshandsamar: Frode Elias Synnes

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Sula kommunestyre set ned eit politisk arbeidsutval med slike rammer for arbeidet:

    Føremål:

    • Redusere utgifter.
    • Sikre ei tenleg og demokratisk styring og utvikling av Sula kommune.

    Mandat:

    Fase 1:

    • Evaluere dagens organisering av (politisk) folkevalde organ, jf kommunelova § 5-1. Evalueringa skal bli gjennomført både i administrasjonen og politisk.
    • Vurdere om det er ønskeleg med:
      • færre representantar i kommunestyret
      • meir samordna politisk og administrativ organisering
      • organisering meir på tvers av fag.
      • ein annan samansetnad og møtestruktur i planutval og formannskap er tenleg framover.
    • Vurdere korleis ein kan innrette den framtidige politiske organiseringa slik at den kan sikre rekruttering av nye politikarar.
    • Det blir viktig å få oppdatert informasjon om situasjonn rundt om i kommune-Noreg, f.eks. ved å få inn ein ekstern ressurs. Ordførar får ansvar for å følgje opp dette.
    • Ha dialog med kommunedirektøren i høve administrativ organisering.
    • Kome med framlegg på evt ny politisk organisering.
    • Framlegget skal gå via fagutvala og formannskap og til kommunestyret.

    Fase 2:

    • Evt utarbeide nye politiske reglement dersom dagens politiske organisering vert endra. Dette blir evt eit eige arbeid som startar når vedtaket om politisk organisering er vedtatt av kommunestyret.

    Tempoplan:

    Fase 1:

    1. Dersom det er aktuelt å redusere tal representantar i kommunestyret, må dette vere bestemt av kommunestyret før nyttår. Denne saka går eventuelt ikkje via fagutval, men til kommunestyret via formannskapet.
    2. Resten av arbeidet må vere politisk bestemt seinast i mars 2023, i god tid før kommunevalet 2023.

    Fase 2 må vere politisk bestemt av kommunestyret seinast i juni 2023.

    Organisering av arbeidsgruppe:

    (Formannskapet delegerer til partigruppene å kome med forslag på representantar.)

    • Ap: Jim-Arve Røssevoll, ordførar    personleg vara: NN
    • FrP: NN                personleg vara: NN
    • H: NN                personleg vara: NN
    • KrF: NN                personleg vara: NN
    • SUL: NN                personleg vara: NN

    For å sikre brei involvering får Ap ansvar for at det blir halden dialog med SV under vegs i arbeidet. Same ansvar får KrF overfor V.

    Ordførar er ordstyrar.

    Kommunedirektør stiller med sekretariat.



    Behandling

    Fellesforslag utarbeidd i møte:

    Mandat fase 1:

    Eit viktig moment i evalering av politisk organisering er å sjå korleis ein kan innrette dette slik at ein sikrar rekruttering av nye politikarar.

    Vurdere om dagens samansetnad og møtestruktur i planutval og formannskap er tenleg framover.

    Det blir viktig å få oppdatert informasjon om situasjonen rundt om i kommune-Noreg, f.eks. ved å få inn ein ekstern ressurs. Ordførar får ansvar for å følgje opp dette.

    Organisering:

    Partia med representantar i formannskapet kan velge sine representantar til arbeidsgruppa FrP, H, KrF og SUL plukkar ut sine representantar til arbeidsgruppa.

    • Det blir vald personlege vara.
    • Ap har dialog med SV. KrF har dialog med V.
    • Det er naturleg at ordførar er ordstyrar for arbeidsgruppa.

    Formannskapet delegerer til partigruppene til å kome med forslag på representantar.

    Ved avstemming vart kommunedirektøren si innstilling med endringar utarbeidd i møte samrøystes vedtatt.

  • Referatsaker Hoveddokument 456KB

    059/22 - 22/23240 - Referatsaker

    Journaldato: 25.01.2024  1 dokument
    Brevdato: 07.09.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Organisasjon og utvikling
    Sakshandsamar: Frode Elias Synnes

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Meldingane vert tekne til etteretning slik dei ligg føre.



    Behandling

    Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedtatt.

  • Bergen kommune_Bergen vann - erfaringer fra oppgradering av 4 renseanlegg. Presentasjon for Sula og Ålesund kommunar Hoveddokument 4MB
    Brevdato: 07.09.2022
    Dokumenttype: Internt notat
    Ansvarlig enhet: Organisasjon og utvikling
    Sakshandsamar: Frode Elias Synnes

    Dokumenter

     

Frammøte

Frammøte
PolitikarPartiMedlemstypeMobilE-Post
Jim Arve RøssevollArbeiderpartietOrdførar90 60 39 77jim.arve.rossevoll@sula.kommune.no
Jan Magnar SandvikSulalistaVaraordførar99 00 12 88jan.magnar.sandvik@sula.kommune.no
Øystein BåtnesFremskrittspartietMedlem456 31 194oystein.batnes@sula.kommune.no
Annbjørg Skår JarnesFremskrittspartietMedlem 995 37 550annbjorg.jarnes@sula.kommune.no
Vibeke BjørkavågHøgreMedlem90 17 60 63vibeke.bjorkavag@sula.kommune.no
Christian BirkelandHøgreMedlem951 62 996christian.birkeland@sula.kommune.no
Elin Kilvik SkeideKristeleg FolkepartiMedlem918 37 287elin.kilvik.skeide@sula.kommune.no