Vedtak
Sula formannskap vedtek at dei tilstøtande naboeigedomane til det kommunale området får tilbod om å kjøpe arealet og fordele det mellom seg slik dei finn det føremålstenleg.
Administrasjonen held dialogen vidare med naboeigedomane.
Området kan bli seld til marknadspris.
Formannskapet gir ordførar fullmakt til å framforhandle ei løysing dersom administrasjonen ikkje har fullmakt.
Behandling
Jim-Arve Røssevoll (Ap):

Røssevoll sitt forslag vart samrøystes vedtatt.