Kommunedirektør orienterte at det var innhenta juridisk vurdering knytt til habiliteten for representantane Christian Birkeland (H), Jostein Molvær (Krf) Maria Marthinussen (H) og Trygve Holm (Frp).
Christian Birkeland (H) sin svigerfar er leiar i Sameiget Nøre Sulafjellet som er største grunneigar innanfor planområdet. Svigerfar ville vore inhabil i saksbehandlinga, jf forvaltningslova § 6, 1. ledd bokstav e nr 1 angåande styremedlemsskap i part. Med nær personleg tilknyting mellom Birkeland og svigerfar vert Birkeland vurdert som inhabil etter § 6, 2. ledd.
Jostein Molvær (Krf) si kone er styremedlem i Langevåg indremisjon som blir vurdert å ha partsstatus som grunneigar i saka. Ho vill blitt vurdert som inhabil etter forvaltningslova § 6, 1. ledd bokstav e nr 1 ang styremedlemsskap i part. Med nær personle tiknyting mellom Molvær og kona vert Molvær vurdert som inhabil etter § 6, 2 ledd.
Maria Marthinussen (H) sin eks-mann er eigar av ei hytte innanfor planområdet og er såleis part i saka. Marthinussen blir difor vurdert som inhabil etter forvaltningslova § 6, 1. ledd bokstav c.
Trygve Holm (Ap) er tidlegare styreleiar i foreininga Vonløypa. Foreninga har ein ikkje-eksklusiv rett til å vedlikehalde den etablerte Vonløypa på Sulafjellet. Behandling av planforslaget blir vurdert å gripe direkte inn i foreininga sitt fysiske og ideelle interesseomrde, og såleis er Vonløypa part i saka. Sidan Holm ikkje lenger har verv i foreininga, er det vurdert at han er habil til å ta del i behandlinga av saka.
I tillegg er Annbjørg Skår Jarnes (Frp) grunneigar innanfor planområdet og såleis part i saka, og dermed vurdert som inhabil etter forvaltningslova § 6, 1. ledd bokstav a.
Dei gjekk frå og vara Aslak Havnegjerde (Frp), Hilde Oddrun Vadseth (Krf) og Terje Måseidvåg (H) kom til. Høgre hadde berre ein møtande vara.
28 voterande.
Annbjørg Skår Jarnes, Christian Birkeland, Jostein Molvær og Maria Marthinussen vart samrøystes kjent inhabile.
Fellesforslag frå Ap, Frp, H, Krf og SUL:
Med heimel i plan og bygningslova §§ 5-2 og 12-10 vedtar Sula kommunestyre å legge forslag til reguleringsplan «Områdeplan for Sulafjellet» - plan.id. 2021000252 - ut til offentleg ettersyn og høyring i 8 veker.
Sula kommunestyre ber om at følgjande innspel til områdeplanen blir utreda og tatt med i 2.gangs forslag til reguleringsplanen.
- Berekraft / klima. I kap 1.10 er det gjort klimagassberekningar. Denne rekneskapen er svært mangelfull. Berre klimautslepp knytt til dei tre bygningskroppane er tatt med. For at det totale klimaavtrykket til planforslaget skal kome fram må dette også inkluderast:
- Klimaverknad av infrastrukturen: veg, avløpsrøyr, straumnett, mastar, heile kabelbanen, ziplinen. Både produksjon og transport av material til denne infrastrukturen må med i reknestykket, slik ein har gjort for bygga. I tillegg må ein ta med utslepp frå anleggsfasen.
- Klimaverknad av arealinngrepet, altså den CO2en som er lagra i myr og skog og som blir frigjort når arealet blir omgjort til bygg og anlegg, inkludert det opptaket av CO2 som kunne skjedd om naturen fekk ligge urørt.
- Klimautslepp frå driftsfasen, drift av gondol, bygg, vedlikehald veg og anlegg.
- Klimautslepp frå snøproduksjon
- M1941 frå Miljødirektoratet skal leggast til grunn for utgreiing av punkta over.
- Å definere kven som blir råka basert på taubanelova er ikkje tilstrekkeleg. For å kunne forstå kven som blir råka og i kva grad må ein inkludere eit større område. Difor må det gjerast ei kunnskapsbasert kartlegging av kva ulemper som blir påført kven, og i kva grad blir desse ulempene påført. Det eksisterer dokumentasjon frå andre tilsvarande prosjekter i Norge og i Norden, ein kan også sjå til gondolsaka på Voss. Planprogrammet omtaler tilbod om innløysing av bustadeigedommar. Her må også andre eigedommar i ei definert sone bli inkludert. Ei slik kartlegging er naudsynt for å kunne identifisere og iverksette tilstrekkelege avbøtande tiltak.
- Tiltakshavar må vise til korleis dei skal sikre bruk av ridestien og Vonløypa under anleggsperioden.
- Vi ønskjer at mastene, spesielt dei nede i bygda, frå botnstasjon og gjennom bebyggelsen, må bli betre visualisert.
Ap:
Alternativa som er vist til som C1 (frå Vasset utan mellomstasjon, s 83 i plandokumentet) og C2 (frå Vasset med mellomstasjon, s 84 i plandokumentet) må utgreiast betre for å kunne visast til som relevant og realistisk alternativ.
Ved avstemming stemte ein først over fellesforslaget før ein stemte over Ap sitt forslag.
Fellesforslaget vart samrøystes vedtatt.
Ap sitt forslag fall med 8 stemmer (Ap og SV) mot 21 stemmer.
Vara gjekk frå og Annbjørg Skår Jarnes (Frp), Christian Birkeland (H), Jostein Molvær (Krf), Maria Marthinussen (H) og Trygve Holm (Frp) kom til.
29 voterande.