Vedtak
Formannskapet si innstilling med følgjande endringar:
- Auke ramma til oppvekst for 2023 med kr 4 millionar, av desse skal inntil 0,5 mill gå til opprettholde ungdomslos stilling i 100 %. Finansiering 1,7 millionar frå overskotsfond og 2,3 millionar frå flyktningfond. Oppvekstutvalet fordeler resten av midlane.
- Auke ramma til startlån i Husbanken til 15 millionar, skulle behovet vere større ber ein om at kommunedirektør kjem attende til kommunestyret med ny sak for å auke ramma.
- Slette kr 200.000 til prosjektleder PAKT. Kommunedirektør kjem attende med sak til kommunestyret om finansiering av denne.
Behandling
Forslag AP og SV:
- Tilbakeføring av forskutterte midler Furneskrysset 21,7 mill gir 1,7 mill i lågare rente og avdrag med full virkning fra 2024.
- Bruk av fond / flyktningefond 2023: 3 mill og 2024 – 2026: 1,3 mill årleg.
- forventa mindreforbruk andre «områder» som konsekvens av rammeauke oppvekst: 0,5 mill 2023 – 2026.
Dette gir til sammen 3,5 mill årleg.
A: Auke i ramma til oppvekst 2023 – 2026: 3 mill årleg, desse midlane skal brukast til å styrke skulane.
B: Ungdomslos-ordninga skal vidareførast i heile perioden og styrkast med 0,5 mill.
Vi forventar at ein reduksjon i planlagde kutt i skulane vil bidra til at ein «sparer» seg for auka utgifter på andre områder med 0,5 mill årleg. Anten det gjeld alternativ oppfølging av born som treng dette i skulen, eller mindre sjukefråvær pga lågare arbeidsbelastning hjå dei tilsette.
C: Ramma til startlån i husbanken aukast til inntil 15 mill, slik at alle som tilfredsstiller krava til startlån og ynskjer dette, kan få det. Skulle behovet vere større, ber ein kommunedirektøren fremme sak om ytterlegare ramme auke til kommunestyret.
Forslag frå H:
Sula Høgre foreslår å fjerne kr 2.300.000 til avsetning fond flyktninger, og overføre dem til drift oppvekst.
Vi stiller også spørsmål om kr 200.000 prosjektleder PAKT er en forpliktelse vi er nødt til å ta på oss. Hvis ikke, så ber vi også om at de blir overført til oppvekst.
Forslag frå V:
Auke eigedomsskatten for private til:
- 2 promille i 2023
- 3 promille i 2024 - 2026
Budsjettet til oppvekst styrkast med 5 mill.
Resten går til å redusere reduksjon utvala unntatt 2024 der 4 mill går til redusere underskot / bruk av overskotsfond.
Fellesforslag alle parti:
Formannskapet si innstilling med følgjande endringar:
- Auke ramma til oppvekst for 2023 med kr 4 millionar, av desse skal inntil 0,5 mill gå til opprettholde ungdomslos stilling i 100 %. Finansiering 1,7 millionar frå overskotsfond og 2,3 millionar frå flyktningfond. Oppvekstutvalet fordeler resten av midlane.
- Auke ramma til startlån i Husbanken til 15 millionar, skulle behovet vere større ber ein om at kommunedirektør kjem attende til kommunestyret med ny sak for å auke ramma.
Uttale frå Sula ungdomsråd:
Etter å ha drøfta budsjettforslaget i rådet veit vi godt at det manglar pengar i nær alle delar av kommunen. Det som likevel skil seg ut og er tydeleg for oss per dags dato er det som skjer i skulen. Vi forstår at det må sparast pengar – men det vi ikkje klarer å forstå er at det vert sett på som sparing å skjære ned på assistentar / fagarbeidarar i skulen. Kven skal då ha tid til å ta seg av dei som ikkje passar inn i ein A4 skulekvardag, dei som vandrar rundt i gangane på skulen og ikkje veit kor dei skal gjere av seg, eller dei som berre treng litt ekstra å bli sett av ein trygg vaksen? Lærarane gjer ein fantastisk jobb, men dei har umogleg kapasitet til å forlate klasserommet midt i undervisninga si for å gi den eine eleven ein-til-ein tid så ofte som nokon faktisk treng det for å takle skulekvardagen.
Vi klarer heller ikkje å slå oss til ro med at ungdomslos-stillinga ikkje blir støtta opp om vidare no når prosjekt-perioden på tre år går mot slutten. Vi veit at der er elevar som gruar seg til å gå på skulen kvar einaste dag, og til og med at der finst elevar som ikkje ein gong møter opp på skulen. Dei som ikkje kjenner klassekameratar i det heile tatt, og som kjempar ein kamp kvar morgon for å komme seg ut døra eller opp av senga for den del. Slik vi forstår det er det berre 20% av denne stillinga som er fast, som vil seie at 80% av arbeidet fell bort når året er mme. Kven skal då ta seg av dei som ikkje får den støtta dei treng?
Dess fleire born og ungdom som ikkje blir sett og ivaretatt tilstrekkeleg i skulen – dess fleire dett ut av eit utdanningsløp som hjelp dei til å ta sin plass i arbeidslivet seinare. Ein veit godt at dette etter kvart belastar kommunane, både i form av at dei er eller blir behandlingstrengande og ofte seinare også uføre. I staden for å ha ein jobb der ein tener eigne pengar, betalar skatt og er samfunnsnyttig, vert ein ei økonomisk belastning for kommunen – gjerne resten av livet. Dette kan umogleg vere billigare enn dei ekstra hendene som trengs for å hjelpe dei til å finne si rolle i samfunnet der dei kan føle meistring og kjenne seg nyttig.
Avstemming:
Venstre sitt forslag fall med 1 (V) mot 28 stemmer.
Fellesforslaget vart samrøystes vedtatt.
Høgre sitt forslag vart vedtatt med 16 mot 13 stemmer. Følgjande stemte for: H, SUL og desse frå FrP: Annbjørg S Jarnes, Aslak Digernes, Kjell Petter Dyb, Kåre Gunnar Molvær, Martin Skår, Olav Bjarne Skodje, Per Øyvind Skotheimsvik og Øystein Båtnes).
Til slutt stemte ein over alle vedtekne forslag, og dette vart samrøystes vedtatt