Vedtak
Saka blir utsett. Når saka kjem til ny behandling, må den må innehalde meir og nok informasjon slik at ein får eit grunnlag for å ta ei avgjerd i saka.
Behandling
Ved ein inkurie var begge versjonane av saka (utkast og endeleg) var publisert.
Innstillinga sitt punkt 1 var:
Sula Kommunestyre vedtek å å selje dei omsøkte kommunale eigedomane med gnr 113 bnr 6 og 30. Teigen tilhøyrande bnr 6 som ligg i strandsona skal behaldast i kommunal eige og må skiljast ut før sal. Eigedomane skal leggast ut for sal på den frie marknaden til høgsbydande lik eller over takst / verdivurdering.
Vibeke Bjørkavåg (H):
Prinsippet bør vere at kommunale eigedomar som skal bli seld bør bli lagt ut på den opne marknaden.
Saka burde innehalde informasjon om gjeldande reguleringsføremål.
Jan Magnar Sandvik (SUL):
I alle saker som omhandlar eigedomar må det ligge ved kart som har nok informasjon slik at vi ser kvar eigedomen ligg.
Vibeke Bjørkavåg (H) og Jan Magnar Sandvik (SUL):
Saka blir utsett.
Teigen tilhøyrande bnr 6 som ligg i strandsona skal behaldast i kommunal eige og må skiljast ut før sal.
Når saka kjem til ny behandling, må den må innehalde meir og nok informasjon slik at ein får eit grunnlag for å ta ei avgjerd i saka.
Då må også rett innstilling kome fram.
Ved avstemming vart saka samrøystes utsatt.