Vedtak
Sula kommunestyre vedtek at kommunedirektøren kan lyse ny bustad for personar med funksjonsnedsetting på Gnr. 89 Bnr. 33 («Bratthaugmyra») ut på anbod, under dei føresetnadane som er skildra i saksframlegget, bl.a. at:
- signerte intensjonsavtalar er på plass
- underskrivne intensjonsavtalar med kjøparane innafor den ramma som her er skissert er på plass (anbod vert ikkje utlyst før dette er på plass)
- kommunen har godkjent utsleppsløyve i tråd med forurensingslova
- tilskot til omsorgsbustader gjennom Husbanken er på plass
- kommunen klarer handtere dei krava som blir stilt av Husbanken, jf brev.
Sula kommunestyre vedtek ei kostnadsramme for prosjektet knytt til Vasset borettslag på inntil kr 60.142.061 (sjå oppsett i tabell lengre ned i saka). Kostnaden vil i første omgang bli finansiert med momsrefusjon og bruk av lån. Prosjektkostnaden vil sannsynlegvis påløpe i 2023 og i 2024. For 2023 vil prosjektet innebere følgjande budsjettendring:
Budsjettbeløp for resten av prosjektet skal innarbeidast i budsjett for 2024, eventuelt i eiga sak.
Når prosjektet er ferdig skal Sula kommune skipe eit borettslag som deretter skal selgast til personar med behov for tilrettelagt bustad, tildelt av Sula kommune. Salgssummen skal nyttast til nedbetaling av lånet.
Kostnader knytt til bygging av fortau, som følgje av rekkefølgjekrav i reguleringsplan for eigedomen, vert å finansiere som eige investeringsprosjekt i tilknyting til budsjett for 2024.
Behandling
Administrasjonen viste til to føresetnadar i saka som må vere på plass før utlegging til anbod: signerte intensjonsavtalar og at kommunen har godkjent utsleppsløyve i tråd med forurensingslova.
Jim-Arve Røssevoll (Ap):
Desse to føresetnadane må med i formannskapet si tilråding.
Vibeke Bjørkavåg (H):
Det er ein føresetnad at tilskot til omsorgsbustader gjennom Husbanken er på plass må med i formannskapet si tilråding.
Jim-Arve Røssevoll (Ap):
Det er ein føresetnad at kommunen klarer handtere dei krava som blir stilt av Husbanken, jf brev.
Øystein Båtnes (Frp):
Godkjenninga vert gitt under føresetnad av at vi får på plass underskrivne intensjonsavtalar med kjøparane innafor den ramma som her er skissert. Anbod vert ikkje utlyst før dette er på plass.
Ved avstemming vart kommunedirektøren si innstilling med tillegg utarbeidd i møte samrøystes tilrådd.