Vedtak
Sula formannskap vedtek slike satsar for valet i 2023:
1. Valfunksjonærar (inkludert stemmestyremedlemmer, leiar og nestleiar) som vert trekte i løn fordi dei må ta fri frå sitt vanlege arbeid, har rett til å få dekt tapt arbeidsforteneste med inntil 0,3 % av ordførar si godtgjersle, jf kommunen sitt reglement for godtgjersle for folkevalde. Trekk i løn må bli dokumentert av arbeidsgjevar med oppgåve over kva som er trekt.
Ikkje-legitimert tapt arbeidsforteneste vert dekt med inntil 0,1 % av ordførar si godtgjersle.
I tillegg skal desse ha betalt for arbeidet etter kl. 1600 med ein sats som tilsvarer godtgjersla for eitt formannskapsmøte. Dette gjeld også for dei som ikkje har inntektsgivande arbeid.
Godtgjersla vert berekna med utgangspunkt i deltaking heile valdagen, inkludert for- og etterarbeid. Godtgjersla skal bli avkorta tilsvarande tidsbruk dersom ein funksjonær deltek i delar av arbeidet (halv dag e.l).
Leiaren av kvart stemmestyre skal ha eit tillegg tilsvarande éi og ei halv møtegodtgjersle og dei to andre stemmestyremedlemmane ei halv møtegodtgjersle.
2. Leiaren for det enkelte stemmestyre kan disponere inntil kr 300 pr. medlem til servering. Vedkomande får òg fullmakt til å rekvirere mat til teljekorpsa og andre som tek del i valoppgjeret. Faktura merka “Val 2023” kan bli sendt kommunen.
3. Kommunalt tilsette som tek del i arbeidet på valtinget, får ordinær løn for oppmøtet på dagtid, og skal avspasere time for time og ha utbetalt overtidstillegg rekna etter vedkomande si ordinære løn etter kl. 1600. I spesielle tilfelle kan kommunedirektør godkjenne full utbetaling av løn, eller avspasering i staden for utbetaling av overtidstillegg.
Behandling
Kommunedirektør peikte på at satsane skal vere i promille og ikkje prosent av ordførar si godtgjers.e
Justert forslag vart samrøystes vedtatt.