Vedtak
Sula formannskap vedtok med heimel i kommunelova § 11-8 og Sula kommune sitt delegeringsreglement kapittel 3.1 og 7. avsnitt å behandle denne saka som hastesak.
Sula formannskap vedtek å busette inntil 50 flyktningar i 2023. Ev. familiesameining kjem i tillegg til dette.
Formannskapet vil bli gitt ei statusorientering over sommaren.
Behandling
Viser til kommunedirektøren si orientering i møtet og følgjande dokument som vart utlevert i møtet:
- IMDI - justert oppmoding om busetting 2023 - Sula kommune. Dagsett 31.05.23
- Skriv frå Statsforvaltaren v/ rådgjevar Trygve Winter-Hjelm - kartlegging av lokalar for midlertidig innkvartering og midlertidig busetting i ein ekstraordinær situasjon.
- Skriv frå Møre og Romsdal fylkeskommune - kommunen si tilbakemelding på behov for å kunne busette fleire flyktningar og i tillegg tilbakemelding på kva kommunane har behov for slik at de kan busette fleire flyktningar. Dagsett 23.06.23.
Formannskapet drøfta ulike sider ved saka, bl.a. bustadmarknaden, økonomi, flyktningefond, arbeidsmarknaden m.m.
Øystein Båtnes (FrP):
Formannskapet vedtek å behandle saka som hastesak, jf kommunelova § 11-8 og delegeringsreglementet kapittel 3.1 og 7. avsnitt.
Sula formannskap vedtek å ta imot inntil 50 flyktningar i 2023. Vedtaket kan elles bli formulert på same vis som sist behandla anmoding, jf K-sak 086/22 i kommunestyremøte 19.12.2022.
Forslaget vart samrøystes vedtatt.