Vedtak
Som kommunedirektøren si innstilling med følgjande tillegg:
- Aktivititetstilskot: auke på kr 100.000 til kulturmidlar. Finansiering over flyktningefond.
- Oppstart av reguleringsplan, tryggare skuleveg frå Langevåg skule. Ref vegnemnda sitt arbeid. Finansiering av ramma for «Fortau for trygg skuleveg».
- Fortau Vågnesvegen byttast ut med tekst Fortau for trygg skuleveg. Vi ber om å få lagt fram ei sak med grunnlag for prioriteringar med sikte på starte arbeidet med å sørge for trygg skuleveg frå skulane i Langevåg. Sette av 1 mill av ramma på 8 mill til oppstart regulering trygg skuleveg.
- Solevåg og Langevåg skule - ferdigstille uteareala ved desse skulane. 1 mill pr skule inn i investeringsbudsjettet. Ta ned investeringsramma på bil i 2024 tilsvarande.
- Heildøgns omsorgsplassar – bytte tekst på byggetrinn 3 BUA til Heildøgns omsorgsplassar og flytte 1 mill ramma til planlegging / kartlegging i år 2024.
- Flytte tiltak Vågevatnet fram med oppstart 2024.
Tekstforslag til budsjett 2024:
- Kommunestyret ber kommunedirektøren legge fram sak om finansiering og bygging av Mikkalvegen på Fiskarstrand. Det skal synleggjerast kor mykje kommunen kan få inn i refusjon ved utbygging av ubebygde tomter. Gjeld tomter som kan byggast ut som ein konsekvens av at vegen blir bygd.
- Sette ned eit samansett utval som skal utrede korleis ein kan omorganisering innanfor helse- og omsorgssektoren med mål om å få heile faste stillinger. Utvalet bør settas saman av tillitsvalgte, politikarar og administrasjon.
Verbalforslag:
- Kommunedirektør skal i 2024 kome tilbake med eit forslag om korleis ein kan utvikle området rundt Lerheimkaia i tråd med vedteken sentrumsplan og korleis ein kan få til realisering av helsehus / kulturhus i eit 10-års perspektiv som del av strategiarbeidet.
Behandling
Til informasjon: vedtak frå møte i arbeidsmiljøutval og administrasjonsutval:
Vedtak i Arbeidsmiljøutvalet (AMU) sitt møte 09.11.23:
AMU fekk ei orientering om budsjettet, og saka vart drøfta. Ein samla seg om følgjande fellesuttale:
AMU ser at budsjettet er stramt og har vore det over fleire år. Kommunen får stadig fleire og meir komplekse oppgåver som skal løysast, utan at tilførte ressursar har auka tilsvarande. Sula kommune ligg betydeleg lavt når det gjeld inntekter, og dette fører til utfordrande drift og høgt arbeidspress. Kommunen driv særs effektiv drift på dei fleste områder. Det er likevel behov for å arbeide vidare med effektivisering og nye måtar å arbeide på. Underskot i budsjettet og høg gjeldsgrad vil vere krevjande også i åra framover. Vi må ha fokus på rett bruk av ressursar. Det lave inntektsnivået til kommunen gir grunn til uro med tanke på tenestene ein skal yte, og dei auka krava som dette medfører for våre tilsette. Framover vil vi møte rekrutteringsutfordringane, mellom anna knytt til demografiske endringar. Det er viktig at Sula kommune held fram med å vere ein attraktiv arbeidsgjevar, og at vi gjer oss økonomisk rusta til å klare dette. Innbyggarane forventar gode tenester, og våre tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs for å kunne yte dette.
Vedtak i Administrasjonsutvalet sitt møte 14.11.23:
Administrasjonsutvalet ser at budsjettet er stramt og har vore det over fleire år. Kommunen får stadig fleire og meir komplekse oppgåver som skal løysast, utan at tilførte ressursar har auka tilsvarande. Sula kommune ligg betydeleg lavt når det gjeld inntekter, og dette fører til utfordrande drift og høgt arbeidspress. Kommunen driv særs effektiv drift på dei fleste områder. Det er likevel behov for å arbeide vidare med effektivisering og nye måtar å arbeide på. Underskot i budsjettet og høg gjeldsgrad vil vere krevjande også i åra framover. Vi må ha fokus på rett bruk av ressursar. Det lave inntektsnivået til kommunen gir grunn til uro med tanke på tenestene ein skal yte, og dei auka krava som dette medfører for våre tilsette. Framover vil vi møte rekrutteringsutfordringane, mellom anna knytt til demografiske endringar. Det er viktig at Sula kommune held fram med å vere ein attraktiv arbeidsgjevar, og at vi gjer oss økonomisk rusta til å klare dette. Innbyggarane forventar gode tenester, og våre tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs for å kunne yte dette.
Det er kjent at kommunen driftast på knappe ressursar, det er høge krav og forventingar knytt til tenestene og høgt arbeidspress på dei tilsette.
Når det kjem til rett bruk av ressursar, effektivisering /omorganisering ynskjer vi at kommunen ser til Tørn-prosjektet. Eit prosjekt som er i gang i andre kommunar. Det er viktig å legge til rette for vidareutdanning for dei tilsette, og la dei tilsette få bruke kompetansen sin riktig. Ei gjennomgang og mogleg omfordeling av arbeidsoppgåver kan effektivisere drifta, ivareta dei tilsette, samt virke positivt inn på arbeidsmiljøet.
Sjå til at det blir tilsett i heile stillingar.
Det er viktig å evaluere administrative omstillingar, og annen omorganisering som blir gjort.
Kommunen skal tilby gode tjenester.
Budsjettet har ikkje dekning for at Ungdomslos vidareførast. Eit tilbod /ei teneste for dei som står i fare for å falle ut av opplæringa. Å falle ut av opplæringa kan ha store negative konsekvensar for den einskilde og for samfunnet. Administrasjonsutvalet ynskjer at ordninga med ungdomslos skal vidareførast.
Åse P. Vegsund (Krf):
- Aktivititetstilskot + kr 100.000 til kulturmidlar. Finansiering over flyktningefond.
Turid Humlen (H):
- Oppstart av reguleringsplan, tryggare skuleveg frå Langevåg skule. Ref vegnemnda sitt arbeid. Finansiering av ramma for «Fortau for trygg skuleveg».
- Fortau Vågnesvegen byttast ut med tekst Fortau for trygg skuleveg. Vi ber om å få lagt fram ei sak med grunnlag for prioriteringar med sikte på starte arbeidet med å sørge for trygg skuleveg frå skulane i Langevåg. Sette av 1 mill av ramma på 8 mill til oppstart regulering trygg skuleveg.
- Solevåg og Langevåg skule - ferdigstille uteareala ved desse skulane. 1 mill pr skule inn i investeringsbudsjettet. Ta ned investeringsramma på bil i 2024 tilsvarande.
- Heildøgns omsorgsplassar – bytte tekst på byggetrinn 3 BUA til Heildøgns omsorgsplassar og flytte 1 mill av ramma til planlegging / kartlegging i år 2024.
- Flytte tiltak Vågevatnet fram med oppstart 2024.
Jim-Arve Røssevoll (Ap):
Drift:
Utgift:
- PPT: 80 % stilling til ungdomslos: kr 620.000, år 2024 og ut økonomiplanperioden.
- kr 130.000 til kultur og idrettsfondet år 2024 og ut økonomiplanperioden.
Inntekt:
Auke eigedomskatt for næring til 2 promille: + 750.000, år 2024 og ut økonomiplanperioden.
- Generell skattesats for 2024 blir satt til 2 promille.
- Differensiert skattesats: Skattesatsen for bebygde bustadeigedomar og fritidseigedomar settast til 1 promille, jf. Eigedomsskattelova § 12 bokstav a).
- Differensiert skattesats: Skattesatsen for all ubebygd grunneigedom settast til 1 promille, jf. Eigedomsskattelova § 12 bokstav b)
Tekstforslag til budsjett 2024:
- Kommunestyret ber kommunedirektøren legge fram sak om finansiering og bygging av Mikkalvegen på Fiskarstrand. Det skal synleggjerast kor mykje kommunen kan få inn i refusjon ved utbygging av ubebygde tomter. Gjeld tomter som kan byggast ut som ein konsekvens av at vegen blir bygd.
- Utvikling av området rundt Lerheimkaia bør settast på dagsorden. Ein bør sette ned ei arbeidsgruppe som kan sjå på korleis ein kan realisere ei utbetring i tråd med vedteken sentrumsplan. Kostnadar, byggetrinn og tidsplan. Samarbeid med ÅRH (Ålesund regionens havnevesen) og private aktørar. Kanskje parkeringsselskap.
- Kommunestyret bør sette ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på korleis ein skal realisere helsehus / kulturhus i eit 10 års perspektiv.
- Sette ned eit samansett utval som skal utrede korleis ein kan omorganisering innanfor helse- og omsorgssektoren med mål om å få ned bruk av vikarbyrå, satse på heile faste stillinger og intern vikarpool. Utvalet bør settas saman av tillitsvalgte, politikarar og administrasjon.
Avstemming:
Forslag frå Åse Vegsund vart samrøystes tilrådd.
Forslag frå Turid Humlen vart samrøystes tilrådd.
Forslag frå Jim Arve Røssevoll om drift fall med 2 (Ap) mot 5 stemmer.
Tekstforslag 1 frå Jim Arve Røssevoll om Mikkalvegen.
Geir Ove Vegsund (H) stilte spørsmål om habiliteten sin då faren eig tomt i det aktuelt området. Han gjekk frå. Høgre hadde ingen møtande vara.
Martin Skår stilte spørsmål om habiliteten sin då familien eig ei nausttomt innanfor det aktuelle området. Han gjekk frå. Frp hadde ingen møtande vara. Samrøystes.
5 røysteføre.
Geir Ove Vegsund vart samrøystes kjent inhabil, jf. forvaltningslova § 6 første ledd, bokstav b.
Martin Skår vart samrøystes kjent inhabil, jf. forvaltningslova § 6 første ledd, bokstav a.
Ved avstemming vart både Vegsund og Skår samrøystes kjent inhabile.
Forslaget vart deretter samrøystes tilrådd.
Vegsund og Skår kom tilbake.
7 røysteføre.
Tekstforslag 2 og 3 frå Jim Arve Røssevoll - utvikling av området rundt Lerheimkaia og nedsetting av arbeidsgruppe som skal sjå på realisering av helsehus / kulturhus.
Etter litt drøfting sa forslagsstiller at dette kan bli del av arbeidet med ny samfunnsplan, men det føreset at arbeidet blir starta opp i 2024.
Forslaget vart deretter endra til eit verbalforslag:
Kommunedirektør skal kome tilbake med eit forslag om korleis ein kan utvikle området rundt Lerheimkaia i tråd med vedteken sentrumsplan og korleis ein kan få til realisering av helsehus / kulturhus i eit 10-års perspektiv som del av strategiarbeidet.
Med denne presiseringa vart tekstforslag 2 og 3 (no verbalforslag) samrøystes tilrådd.
Tekstforslag 4 frå Jim Arve Røssevoll - Sette ned eit samansett utval som skal utrede korleis ein kan omorganisering innanfor helse- og omsorgssektoren med mål om å få ned bruk av vikarbyrå, satse på heile faste stillinger og intern vikarpool. Utvalet bør settas saman av tillitsvalgte, politikarar og administrasjon.
Etter drøfting justerte forslagsstillar forslaget slik:
Sette ned eit samansett utval som skal utrede korleis ein kan omorganisering innanfor helse- og omsorgssektoren med mål om å få heile faste stillinger. Utvalet bør settas saman av tillitsvalgte, politikarar og administrasjon.
Forslaget vart samrøystes tilrådd.
Formannskapet stemte tilslutt over kommunedirektøren sitt forslag med tillegg av dei vedtaka som allereie var gjort. Dette vart samrøystes vedtatt.