Vedtak
Med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-2 og 12-12, vedtar Sula kommunestyre “Områdeplan Langevåg sentrum”, planID 2017001571 med plankart datert 09.02.2023, føresegner datert 07.02.2023, og planomtale datert 09.02.23.
Alle formuleringar i planen med “skal brukast til kulturhus” skal bli bytta ut med “kan brukast til kulturhus".
Plandokumentet blir revidert i tråd med vedtaket.
Behandling
Christian Birkeland (H) stilte spørsmål ved habiliteten sin då då han er svigerson av ein part som har kome med innspel i saka. Han gjekk frå.
Christian Birkeland vart samrøystes kjend inhabil, jf Forvaltningslova § 6, første ledd bokstav b.
Terje Måseidvåg (H) kom til.
Lisbeth Båtnes Hareide (SUL) stilte spørsmål ved habiliteten sin då ho er svigerdotter av ein part som har kome med innspel i saka. Ho gjekk frå.
Lisbeth Båtnes Hareide vart samrøystes kjend inhabil, jf Forvaltningslova § 6, første ledd bokstav b.
Gro Flølo Barrie kom til.
Ordførar viste til e-post sendt av formannskapssekretær til kommunestyret 28.04. kl 1206 ang feil i protokollen frå møtet i Det faste utvalet for plansaker 25.04.
Protokolltilførselen frå Øystein Båtnes skulle vere:
"Ordførar ilag med administrasjonen inviterer eigarane av Funkisvillaen / “gulehuset” og Slottet til dialogmøte der dei kan få orientering om kva mulegheiter og avgrensingar som fins i høve muleg vernestatus for eigedomane deira, og korleis dette vil påvirke eigedomane deira. Tilbakemelding frå dette møtet blir lagt fram for kommunestyret i neste møte 4. mai.
Administrasjonen tek kontakt med fylkeskonservator for å forsøke avklare om dei kan godkjenne vern av Slottet og Devoldvillaen / “gulehuset” med same føringar som ligg for Skuta."
Justert protokolltilførsel skal stå som del av behandlinga og ikkje som del av vedtaket.
Siv Sundgot i Norconsult presenterte planforslaget.
Ordførar orienterte frå møte med to av tre eigarar av nemnte eigedomar.
Einingsleiar plan, bygg og geodata orienterte om svar frå fylkeskonservator knytt til historikk og vernestatus for Devoldvillaen og Skuta.
Øystein Båtnes (FrP):
- Alle forslag om verning av private eigedomar blir tatt ut av planen.
- Alle formuleringar i planen med “skal brukast til kulturhus” skal bli bytta ut med “kan brukast til kulturhus".
Avstemming:
FrP sitt første forslag fall med 22 mot 6 stemmer (Øystein Båtnes, Per Øyvind Skotheimsvik, Martin Nicolai Skår, Bendik Valseth Havnegjerde, Olav Bjarne Skodje og Kåre Gunnar Molvær, alle FrP).
FrP sitt andre forslag ang kulturhus kan vart vedtatt med 18 (Frp, H, SUL og Jostein Molvær (Krf) mot 10 stemmer.
Tilrådinga frå planutvalet vart deretter samrøystes vedtatt.