Vedtak
Administrasjonsutvalet ser at budsjettet er stramt og har vore det over fleire år. Kommunen får stadig fleire og meir komplekse oppgåver som skal løysast, utan at tilførte ressursar har auka tilsvarande. Sula kommune ligg betydeleg lavt når det gjeld inntekter, og dette fører til utfordrande drift og høgt arbeidspress. Kommunen driv særs effektiv drift på dei fleste områder. Det er likevel behov for å arbeide vidare med effektivisering og nye måtar å arbeide på. Underskot i budsjettet og høg gjeldsgrad vil vere krevjande også i åra framover. Vi må ha fokus på rett bruk av ressursar. Det lave inntektsnivået til kommunen gir grunn til uro med tanke på tenestene ein skal yte, og dei auka krava som dette medfører for våre tilsette. Framover vil vi møte rekrutteringsutfordringane, mellom anna knytt til demografiske endringar. Det er viktig at Sula kommune held fram med å vere ein attraktiv arbeidsgjevar, og at vi gjer oss økonomisk rusta til å klare dette. Innbyggarane forventar gode tenester, og våre tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs for å kunne yte dette.
Det er kjent at kommunen driftast på knappe ressursar, det er høge krav og forventingar knytt til tenestene og høgt arbeidspress på dei tilsette.
Når det kjem til rett bruk av ressursar, effektivisering /omorganisering ynskjer vi at kommunen ser til Tørn-prosjektet. Eit prosjekt som er i gang i andre kommunar. Det er viktig å legge til rette for vidareutdanning for dei tilsette, og la dei tilsette få bruke kompetansen sin riktig. Ei gjennomgang og mogleg omfordeling av arbeidsoppgåver kan effektivisere drifta, ivareta dei tilsette, samt virke positivt inn på arbeidsmiljøet.
Sjå til at det blir tilsett i heile stillingar.
Det er viktig å evaluere administrative omstillingar, og annen omorganisering som blir gjort.
Kommunen skal tilby gode tjenester.
Budsjettet har ikkje dekning for at Ungdomslos vidareførast. Eit tilbod /ei teneste for dei som står i fare for å falle ut av opplæringa. Å falle ut av opplæringa kan ha store negative konsekvensar for den einskilde og for samfunnet. Administrasjonsutvalet ynskjer at ordninga med ungdomslos skal vidareførast.
Behandling
Innspel frå organisasjonane:
Organisasjonane støttar uttalen til AMU:
AMU ser at budsjettet er stramt og har vore det over fleire år. Kommunen får stadig fleire og meir komplekse oppgåver som skal løysast, utan at tilførte ressursar har auka tilsvarande. Sula kommune ligg betydeleg lavt når det gjeld inntekter, og dette fører til utfordrande drift og høgt arbeidspress. Kommunen driv særs effektiv drift på dei fleste områder. Det er likevel behov for å arbeide vidare med effektivisering og nye måtar å arbeide på. Underskot i budsjettet og høg gjeldsgrad vil vere krevjande også i åra framover. Vi må ha fokus på rett bruk av ressursar. Det lave inntektsnivået til kommunen gir grunn til uro med tanke på tenestene ein skal yte, og dei auka krava som dette medfører for våre tilsette. Framover vil vi møte rekrutteringsutfordringane, mellom anna knytt til demografiske endringar. Det er viktig at Sula kommune held fram med å vere ein attraktiv arbeidsgjevar, og at vi gjer oss økonomisk rusta til å klare dette. Innbyggarane forventar gode tenester, og våre tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs for å kunne yte dette.
Organisasjonane ynskjer å komme med nokon konkretiseringar og innspel:
Det er kjent at kommunen driftast på knappe ressursar, det er høge krav og forventingar knytt til tenestene og høgt arbeidspress på dei tilsette.
Når det kjem til rett bruk av ressursar, effektivisering /omorganisering ynskjer vi at kommunen ser til Tørn-prosjektet. Eit prosjekt som er i gang i andre kommunar. Det er viktig å legge til rette for vidareutdanning for dei tilsette, og la dei tilsette få bruke kompetansen sin riktig. Ei gjennomgang og mogleg omfordeling av arbeidsoppgåver kan effektivisere drifta, ivareta dei tilsette, samt virke positivt inn på arbeidsmiljøet.
Sjå til at det blir tilsett i heile stillingar.
Det er viktig å evaluere administrative omstillingar, og annen omorganisering som blir gjort.
Kommunen skal tilby gode tjenester
Budsjettet har ikkje dekning for at Ungdomslos vidareførast. Eit tilbod/ei teneste for dei som står i fare for å falle ut av opplæringa. Å falle ut av opplæringa kan ha store negative konsekvensar for den einskilde og for samfunnet. Organisasjonane ynskjer at ordninga med ungdomslos skal vidareførast.
Administrasjonsutvalet slutta seg til innspelet frå organisasjonane.