Støttekontakt
Jenta treng å vere saman med ein trygg vaksen i aktivitet, gjerne ute, inntil 4 timar pr. veke. Dykk blir i lag einig frå veke til veke, kva dag som kan passe.
Besøksheim
Kan du tenkje deg å ha denne jenta buande hos deg ei helg pr. månad.? Jenta treng trygge, gode rammer, klare rutinar, rausheit og eit aktivt uteliv.
Begge oppdraga er til same jenta. Det må gjerne vere same personen/ familien som tek begge oppdraga.
Stor mangel på støttekontakter og besøksheimar
Barnevernstenesta har vidare generelt stor mangel på både støttekontakter og besøksheimar. Dei som melder seg treng ikkje å ha utdanning, men må vere trygge på å vere saman med born. Vi søker heilt vanlege, trygge vaksne. Det er generelt ønskjeleg med fleire mannlege støttekontakter.
Du kan ringe barneverntenesta på telefon 70 19 91 00 for ein generell prat, eller for å melde deg for oppdrag.