Sula kommune

Ålesund og Sula avsluttar lokal forskrift

Ålesund og Sula kommune vil ikkje forlenge den lokale forskrifta. Etter kl. 24.00, 13. september går kommunane over til å følgje nasjonale reglar og råd. 

Skular og barnehagar

I Sula kommune er skular og barnehagar på grønt nivå.

I Ålesund kommune har kriseleiinga bestemt at skular og barnehagar fortset på gult nivå fram til og med fredag 17. september.

Viktig å følgje dei nasjonale reglane

Om  alle held seg heime når dei er sjuke, testar seg og takkar ja til vaksine, kan vi få kontroll med  pandemien.

Oppmodar om bruk av munnbind!  

Sjølv om forskrifta med påbod om bruk av munnbind opphøyrer, bør ein framleis bruke munnbind når det ikkje er mogeleg å halde ein meters avstand, slik som i kollektivtrafikken. I tillegg er det viktig at alle er flinke til å registrere seg når dei besøker restaurantar og utestadar, slik at smittesporinga blir lettare.

Nasjonale råd og reglar som gjeld per 9. september:

Koronaviruset – Oversikt over regler og anbefalinger - helsenorge.no

Nasjonale tiltak som gjeld per 9. september 2021