Sula kommune

Ålesund og Sula innfører ny lokal forskrift

Laurdag 20. november frå kl. 12.00 innfører kommunane Ålesund og Sula ei ny lokal forskrift. Det blir plikt med karantene for dei som bur med eller til dømes er kjærast med ein person som er påvist med koronavirus. Det er også påbod om munnbind i nokre situasjonar.

- Dei siste vekene har vi hatt svært høge smittetal i Ålesund. Vi ser at vi må gjere tiltak no for å hindre overbelastning av helsetenestene våre, og for hindre meir smittespreiing fram mot jul, seier ordførar i Ålesund kommune, Eva Vinje Aurdal. 

Den nye lokale forskrifta seier blant anna dette

Plikt om smittekarantene

Husstandsmedlem og tilsvarande nære (eksempelvis kjærast) til ein person med påvist koronavirus skal i karantene i 7 dagar frå testdato hos påvist tilfelle. Karantenen gjeld for fullvaksinerte, delvaksinerte og uvaksinerte i alle aldrar. Les meir utfyllande i forskrifta under, der er nokre unntak.

Plikt om bruk av munnbind

  • Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand innandørs skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter og på kollektivtransport.
  • Tek du taxi må du bruke munnbind. Sjåfør må også bruke munnbind når det er passasjerer i taxien.
  • Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande.
  • Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

Kamp laurdag – kva då?

Laurdag 20. november er det AAFK-kamp og mange skal samlast. For dei som har nokon i husstanden som er smitta av korona må dei halde seg heime. Alle andre kan gå på kamp, men bruk gjerne munnbind sidan mange skal samlast der det kan vere vanskeleg å halde 1 meter avstand.     


- Kampen er et stort arrangement der mange treffast. Da er det bra at det i hovudsak skjer utandørs og dei fleste tilskodarane vil ha faste sitteplassar på tribunen, seier kommuneoverlege i Ålesund kommune, Eirin Steinsvik.

Dei nye nasjonale råd frå 19. november er

  • Dropp handhelsinga, bruk olbogen.
  • Hald deg heime om du er sjuk, ikkje dra på jobben.
  • Sprit deg og hald avstand til andre der det er mogeleg.

Sjå elles regjeringa sine sider om blant anna innreisereglar og vaksinering.

Den lokale forskrifta gjeld frå 20. november kl. 12.00 og den gjeld fram til 3. desember kl. 24.00.

Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte (Covid-19) i Sula kommune i Møre og Romsdal

Heimel: Fastsett av kriseleiinga i Sula kommune med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer (smittevernloven) § 4-1 i samsvar med krisefullmakt frå Sula  kommunestyre til kriseleiinga i sak 19/04

§ 1. Formål

Formålet med forskrifta er å avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal i lokalsamfunnet, og slik sikre forsvarleg kapasitet i kommunale helsetenester.

§ 2. Virkeområde

Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Sula kommune.

§ 3. Forhold til anna lovverk

Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følge av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4. Plikt til å bruke munnbind

Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand innandørs skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter og på kollektivtransport.

Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

§ 5. Smittekarantene for husstandsmedlem

Husstandsmedlem og tilsvarande nære (eksempelvis kjærast) til en person med påvist SARS-CoV-2 skal i karantene i 7 dagar frå testdato hos påvist tilfelle. Karantenen gjeld for fullvaksinerte, delvaksinerte og uvaksinerte i alle aldrar. Det er ikkje mogleg å teste seg ut av denne karantenen.

Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære skal i karantenetida testast minst to gangar med pcr-test ved kommunen sin teststasjon. Siste test skal vere tidlegast på dag 5 av karantenen.

Desse gruppene er unnateke karanteneplikta:

  1. Personar som har fått oppfriskingsdose (dose 3) med koronavaksine meir enn 1 veke tidlegare.
  2. Personar i husstanden som har vore smitta med SARS-CoV-2 dei 3 siste månadane.
  3. Helsepersonell som er kritisk for kommunen sin evne til å yte forsvarleg helsehjelp kan be om fritak/fritakast frå karantene i arbeidstida, men dette må avklarast med arbeidsgivar for kvart tilfelle. Helsepersonellet skal ha negativ test før oppmøte på arbeid i tillegg til å følgje testintervallet gitt over. Det skal også nyttast munnbind på jobb.

Den som er i smittekarantene skal halde seg heime eller på anna egna stad, utan kontakt med personar utanfor husstanden. Det tillatast berre å gå på arbeid i situasjonar der vedkommande jobbar aleine utan direkte eller indirekte kontakt via felles gjenstandar med andre menneske, og kan kome seg til og frå arbeidsplassen utan å treffe andre. Det er ikkje tillat for personar i karantene å nytte offentleg transport.

Det er tillate å opphalde seg utandørs om vedkommande kjenner seg heilt frisk, og held minst to meter avstand til andre menneske ved passering. Om ein ikkje får andre til å gjere naudsynte innkjøp, tillatast korte besøk i matvarebutikk eller apotek. Det må då nyttast munnbind, og ærendet må søkast gjort på tidspunkt med lite pågang.

§ 6. Ansvar

Sula kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 7. Straff

Forsetteleg eller grovt aktlaus brot på reglane i denne forskrifta, straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader jf. smittevernloven § 8-1.

§ 8. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 20.11.21 kl 12.00, og gjeld fram til 03.12.21 kl. 24.00.