Sula kommune

Ålesund, Sula og Giske innfører ny lokal forskrift frå midnatt 26. april

Måndag 26. april innfører kommunane Ålesund, Sula og Giske igjen ei strengare lokal forskrift som følge av koronasituasjonen. 

Kriseleiinga i Sula kommune har måndag 26. april vedtatt ny forskrift som gjeld frå midnatt 26. april og fram til midnatt 9. mai.  Forskrifta er i tråd med kva Statsforvaltaren og FHI har råda dei tre kommunane til. Regionen har no det høgaste smittetrykket sidan pandemien starta i mars 2020, og står overfor eit stort smitteutbrot:

  • Det har vore ei dramatisk auke i talet på smitta i regionen den siste veka. Situasjonen er uoversikteleg, med til dels ukjende smittevegar.  Vi håper at  strengare tiltak lokalt vil føre til at vi får kontroll, og at vi raskt får slått ned også dette smitteutbrotet, seier ordførar Jim Arve Røssevoll.

Forskrifta fører til stenging av blant anna treningssenter og aktivitetsparkar, saman med skjenkestopp på alkohol, og forbod mot arrangement.

Kvifor ikkje strengare tiltak på skular og barnehagar?

Kommunen har vore i dialog med FHI og Statsforvaltaren som ikkje tilrår å sette skular og barnehagar på raudt nivå som eit førebyggande tiltak. Kommunen vil gjere målretta tiltak mot dei skulane der det oppstår smitte og sette skuleklassar i karantene, og eventuelt innføre raudt nivå på aktuelle skular. Det betyr at om ein skule på ytre får smitte, behøver ein ikkje sette ein skule på indre på raudt nivå.

Russetida nærmar seg – kva betyr dette for russen?

Ålesund kommunen er i dialog med russepresidentane. Russefeiringa er flytta til perioden 15. juni- 1. juli, dersom smittesituasjonen ikkje tilseier noko anna. Den lokale forskrifta er tydeleg på at arrangement/samlingar for russen ikkje er lov i perioden som forskrifta gjeld. Ålesund kommune kallar inn russen til eit dialogmøte denne veka for å rettleie og informere om den nye forskrifta og kva reglar som gjeld.

Følg smittevernreglane, ha få nærkontaktar og låg terskel for å teste deg

Det er no veldig viktig at alle innbyggarane gjer ein ekstra innsats for å følge smittevernreglar- og råd. Det er også viktig at ein få nærkontaktar og låg terskel for å teste seg, sjølv ved milde symptom.

Om folk er flinke til å teste seg vil vi få ei betre oversikt over situasjonen, det vil også vere lettare å smittespore og få kontroll på smitten, seier Marianne Kolsvik Bjerkevåg

Det siste utbrotet viser at vi ikkje kan slurve med smittevernet. Når ikkje alle tar ansvar, kan det føre til alvorlege helsekonsekvensar for andre. 

Felles vedtak for Sula, Ålesund og Giske

Ålesund, Giske og  Sula er ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion og vil samkjøre sine tiltak. Dei tre kommunane ha gjort likelydande vedtak.

Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte (Covid-19) i Sula kommune i Møre og Romsdal

Heimel: Fastsett av kriseleiinga i Sula kommune med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer (smittevernloven) § 4-1 i samsvar med krisefullmakt frå Ålesund kommunestyre til kriseleiinga i sak 57/19.

§ 1. Formål

Formålet med forskrifta er å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal og spreiing av mutant virusvariant i lokalsamfunnet.

§ 2. Virkeområde

Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Sula kommune.

§ 3. Forhold til anna lovverk

Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følge av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4. Stenging av verksemder

Følgande verksemder og stader skal halde stengde:

a. Treningssenter, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent: Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.

  1. Individuell trening og behandling som det kan bestillast time til.

b. Symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng og liknande, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent:

  1. Skolesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle utøvarar.
  2. Behandling, rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
  3. Annan individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er ein del av behandlinga.

c. Fornøyelsesparkar, bingohallar, spelehallar, leikeland, bowlinghallar og tilsvarande stader.

d. Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underholdningsstader.

e. Andre offentlege stader og verksemder der det skjer kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.

Offentlege stadar og verksemder der det skjer organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar kan halde opent for barn og unge under 20 år, det same gjeld utandørs aktivitet for vaksne og organisert trening innandørs og utandørs for toppidrettsutøvarar.

§ 5. Forbod mot gjennomføring av arrangement.

Det er ikkje tillate å gjennomføre arrangement, jf. § 13, Definisjon av arrangement i Covid-19 forskrifta, med unntak av:

  • a. Gravferder, bisettingar og seremoniar ved grav med inntil 50 personar til stades
  • b. Andre livssynssamlingar med seremoniar i trus- og livssynshus, inkludert seremoniar ved vigslar, dåp, konfirmasjon med inntil 20 personar til stades.
  • c. Digitale arrangement med maksimalt fem personar til stades, i tillegg til utøvarar og anna nødvendig produksjonspersonell.
  • d. Utandørs treningskampar i fotballens to øvste divisjonar for kvinner og menn med berre spelarar, støtteapparat og dommarar til stades.

§ 6. Påbod om heimekontor

Arbeidsgivarar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

§ 7. Skjenkestopp

Serveringsstader som har skjenkebevilling etter alkoholloven kapittel 4 og 5 skal ikkje utøve skjenkebevillinga.

§ 8. Opplærings- og utdanningsinstitusjonar

Universitet, høgskolar og fagskolar skal halde sine lokale stengde for elevar og studentar slik at undervisninga skjer digitalt. Tilsvarande gjeld lokale som blir brukt ved opplæring eller undervisning til personar over 20 år i grunnskole, til vaksne i vidaregåande skole og til vaksne i opplæring etter introduksjonsloven eller integreringsloven, til kursaktivitet under studieforbund og til Kompetanse pluss. Bibliotek og lesesalar i lokala kan likevel vere opne.

Institusjonane kan gjere unntak frå kravet i første ledd dersom tilgang til lokala er avgjerande for studentar som er avhengige av forsøk eller ferdigheitstrening som ikkje kan gjennomførast digitalt, og det er nødvendig for å oppretthalde progresjonen i studiet. Dette gjeld ikkje studieforbund og Kompetanse pluss.

§ 9. Stans av idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne

Det er ikkje tillate å organisere idrettsaktivitet innandørs for personar over 20 år. Det same gjeld fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøver for kor, korps og teater. Organisert trening for toppidrettsutøvarar innandørs er likevel tillate.

§ 10. Plikt til å bruke munnbind

Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter, på serveringsstader, i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.

Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stadar der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.

§ 11. Ansvar

Sula kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 12. Straff

Forsetteleg eller grovt aktlaus brot på reglane i denne forskrifta, straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader jf. smittevernloven § 8-1.

§ 13. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 26. april kl. 24.00 og gjeld fram til 9. mai kl. 24.00.

Lokale råd for kommunane Sula Ålesund og Giske:

  • Kommunane anbefalar maks to gjestar på besøk heime per dag.
  • Maks 10 nærkontaktar i løpet av ei veke, utanom klasse og arbeidskolleger.
  • Hald minst to meter avstand til andre.  
  • Innbyggarane bør handle lokalt, og kun oppsøke kjøpesenter når det er nødvendig.
  • Unngå unødige reiser.

Nasjonale råd

Kommunen rår deg også til å følge dei nasjonale råda. Om lokale og nasjonale råd er ulike, skal du alltid følge dei strengaste råda.