Sula kommune

Anleggsarbeid ved Molværsvatnet

Det er starta arbeid på Sulafjellet for å lage ein overløpskanal i austre enden av Molværsvatnet. Arbeidet blir gjort etter pålegg frå NVE, og har som formål å sikre bustader på Bjørkhaugen som er utsett for flaum ved eit eventuelt dambrudd på Molværsvatnet .

Val av alternativ

Alternativet med kanal i austre enden blei valt av Sula kommunestyre for å bevare demma, som vert sett på som ein kulturhistorisk konstruksjon, og som mange Sulalendingar har eit forhold til og ønsker å bevare.

Synlege inngrep

Når det gjeld Vonløypa så er det forståeleg at folk kan være bekymra når dei ser den slik som den fremstår i dag, med betydelege og lett synlege inngrep i naturen.  Vonløypa vil bli midlertidig utbetra på dei punkta som har dårleg grunn så snart det lar seg gjere, slik at ferdsel til turgåarane ikkje blir meir skadelidande enn nødvendig i anleggsperioden. 

Tilbakeføring av naturen

Det må  lagast ein midlertidig veg som skal nyttast til transport av maskiner og nødvendig utstyr til arbeidet.

Vegetasjonen er tatt av og lagt i ranker langsmed anleggsvegen, det er gjort for å oppbevare den så skånsamt som mogleg under anleggsperioden. Etter at arbeidet er ferdig blir vegetasjonen lagt tilbake, slik beheld ein det naturlege mangfaldet som var i vegtraseen før arbeidet starta opp. På den måten skal det gå også fortare å få naturen tilbake slik den var før inngrepet vart igangsett.

Sjølv om arbeida blir gjort på den antatt mest skånsame måten så må ein dessverre rekne med at det blir visande sår i naturen nokre år fram over i tid. På grunn av høgda over havet tar det tid før naturen legast, og framstår som før inngrepet vart uført.

Størrelse på maskinane

Når det gjeld størrelse på maskinane så er det entreprenøren som bestemmer dette ut i frå mengder og type masse som skal flyttast i området. Det er nødvendig med kraftige maskinar for å kunne flytte på dei store steinane som er i området, og for å få ei god framdrift i arbeidet.

Vasstand etter fullført arbeid

Det kjem også ein del spørsmål på korleis vasstanden blir når arbeidet er sluttført. Kotehøgda på dette er 450,10 meter over havet. Det er omtrent slik vasstanden er i dag med normale nedbørsmengder.

Illustrasjonar

 

Kontakt

Fritz Østrem
Senioringeniør
E-post
Telefon 70 19 95 57
Mobil 909 48 073