Sula kommune

Avklaring av interesse for bruk av Måseide skule

Etter at Rørstadmarka skule vart tatt i bruk hausten 2022 har Måseide skule stått tom.

I sak K-067/22 vart  det gjort følgande vedtak om Måseide skule:

Kommunestyret ber kommunedirektør vurdere Måseide barnehage sine arealbehov og skille ut desse frå tomta.

Videre ynskjer kommunestyret ei sak som viser til kva moglege kommunale føremål restarealet kan brukast til før ein vurderer riving eller salg. Samarbeid med frivillige og private kan vurderast.

Ein ber hovudutvala vere med og vurdere evt behov før saka kjem tilbake til kommunestyret.

Lag og organisasjonar kan melde inn behov og forslag

Kommunedirektøren inviterer lag og organisasjonar til å melde inn behov og forslag til bruk av Måseide skule. Om det er ønskeleg med eit møte for å drøfte behov og forslag, vil Sula kommune invitere inn til eit felles møte. Vi ber om at eit eventuelt ønske om møte blir meldt inn på e-post til: post@sula.kommune.no. Merk e-posten med "Sak 23/75."

Møte med Dale Oen-stiftelsen

Ordførar Jim-Arve Røssevoll og representantar frå kommuneadministrasjonen, hadde onsdag 04. januar eit møte med Dale Oen-stiftelsen om mogleg bruk av Måseide skule. Stiftelsen ønsker å etablere seg  i Ålesundregionen, med tilbod til ungdom i alderen 15 -  20 år, i løpet av hausten 2023. I tillegg til Måseide vurderer dei lokale som ligg i Ålesund kommune.

Politisk behandling

Administrasjonen vil legge fram ei sak til politisk behandling når dei har fått oversikt over behova til lag og organisasjonar, tilbakemelding frå Dale Oen- stiftelsen, samt kommunale aktivitetar som kan passe inn  i eit eventuelt fellesskap

4 menn og ei kvinne ståande i ei trapp framfor inngangsdøre til Måseide skule. Det er snø på bakken. - Klikk for stort bileteSynfaring ved Måseide skule onsdag 04. januar. Frå venstre ordførar Jim-Arve Røssevoll, driftsleiar for eigedom John-Magne Eikrem, Robin Dale Oen, Sølvi Fjeld Bjorøy, Harald Eidsaa frå Dale Oen-stiftelsen Jørn Agersborg, kommunalsjef teknisk sektor i Sula kommune