Avløpssituasjonen i Sula kommune - status og konsekvensar

Sula kommune har store utfordringar på grunn av mangelfull reinsing av offentleg avløpsvatn. Kommunen fyller ikkje krava til handtering av avløpsvatn i samsvar med Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova) og Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan og bygningslova). Som følge av dette må nye tiltak med avløp, etablere godkjend reinseløysing og søke om utsleppsløyve.

Status for reinseanlegg i Sula kommune

Kommunen har to hovudreinseanlegg, eit i Geilneset (RA1) og Djupvika (RA2), ingen av anlegga oppfyller krav til reinsanlegg fastsett i Forskrift om begrensning av forurensing (forurensingsforskriften). I tillegg har kommunen ein slamavskiljar på Sunde som ikkje har gyldige utsleppsløyve. 

Statsforvaltaren har laga ein inspeksjonsrapport der dei viser til tilsyn med avløpsanlegga i Sula kommune. 

Inspeksjonsrapport for avløpsnett og reinsing - Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Konsekvensar for byggesøknadar

Situasjonen for dei kommunale avløpsanlegga har ikkje noko å seie om du skal søke om å få bygge ei utestue, ein altan eller ei garasje utan innlagt vatn, men kan føre til at du får avslag om du søker om å bygge ein ny bustad, eller ei større endring i ein eksisterande bustad.

For øyeblikket kan ikkje nye hus eller bygningar kople seg til kommunen sine avløpsnett, men det er mogleg å søke om løyve til å etablere eiga reinseløysning hvis det lar seg gjere. Hvis du vurderer dette, kan kommunen hjelpe med søknadsprosessen. 

Meir informasjon om søknad om utsleppsløyve

Midlertidig utsleppsløyve til kommunalt avløpsnett?

Sula kommune er i  tett dialog med statsforvaltaren i Møre og Romsdal om situasjonen, sist i eit møte den 26. februar 2024. Statsforvaltaren har uttalt at dei under enkelte vilkår, vil vurdere å tillate tilknyting av nye bygg med avløp til kommunale avløpsanlegg i byggeperioden fram til Kongshaugen reinseanlegg er ferdig. 

Sula kommune er bedt om å sende inn tilleggsinformasjon om dei eksisterande kommunale avløpsreinseanlegga snarast råd, og helst innan 10. april 2024. Informasjonen vil gi grunnlag for å vurdere om det er forsvarleg å auke belastninga på leidningsnettet, og på dei eksisterande reinseanlegga. Adminstrasjonen arbeider no med å sette opp informasjonen som er etterspurt.

Arbeid med nytt reinseanlegg - Kongshaugstranda

Kongshaugen renseanlegg skal reinske avløpsvatn for mange i Sula kommune, frå Sandvika i vest, til Vegsundet i aust. Det skal etter planen stå ferdig i 2028, bygginga startar sommaren 2024. Du finn meir informasjon på prosjektet si nettside, Blå Fjordar. 

Lover og reglar

Kontakt

Per Ola Ravnå
Driftsleiar kommunalteknisk
E-post
Telefon 41 40 09 42