Sula kommune

Bestill koronatest på nett

Sula kommune har opna for elektronisk bestilling av covid-19-test. Vi håpar at dette vil korte ned på telefonkøa på legekontoret.

Legekontoret har opplevd ein enorm telefonpågang den siste tida, og tidvis har det vore vanskeleg å kome gjennom til sentralbordet. Vi beklagar dette, men håpar og trur at den nye digitale løysinga vil redusere problemet. Ein føresetnad for dette, er at så mange som mogeleg tar i bruk den nye løysinga. Vi oppmodar derfor om at alle som har nettilgang og elektronisk ID (BankID, Buypass eller Commfides) bestiller test digitalt. Det vil framleis vere mogeleg å bestille test over telefon, men då må ein framleis vere budd på å måtte vente litt.

Finn ut om du bør du testast

Vi ber om at alle som vurderer å teste seg tar den sokalla Koronasjekken først. Her svarar du på nokre enkle spørsmål, og basert på svara dine får du ei tilråding på om du bør testast eller ikkje. Helsevesenet er pressa på kapasitet så det er ikkje ønskeleg at vi gjennomfører mange testar som ikkje er tilrådd. Lenke til Koronasjekken finn du på sida der du bestiller test.

Dersom fleire i same familie har dei same symptoma, tilrår vi at berre ein blir testa slik at vi ikkje testar fleire enn det som er nødvendig.

Slik bestiller du koronatest

  • Gå til https://c19.no Følg lenka til Koronasjekk for å sjå om du bør teste deg.
  • Trykk på «Bestill tidspunkt for testing» og logg inn med digital ID, til dømes BankID.
  • Fyll ut skjemaet. Merk at du også kan bestille testing på vegner av andre.
  • Når du har sendt inn skjemaet blir du tildelt første ledige tidspunkt for testing.
  • Du får opp ei kvittering på bestillinga di. Merk deg kvar og når du skal møte opp. Kvitteringa inneheld også andre opplysningar som det er viktig at du leser. I kartet under ser du kvar du skal køyre og vente når du skal testast.

Bestill koronatest her

 

Klikk for stort bileteHer skal du køyre når du skal testast.