Sula kommune

Betalingsordning for kommunale fakturaer

No når vi sender ut faktura for kommunale avgifter minimum 4 gongar pr. år, er det ikkje lenger mogleg å dele fakturaen slik som tidlegare. Du kan få utsett betaling av faktura i 30 dagar, og du kan melde frå om at du ønsker månadleg faktura.

Månadleg fakturering

Her kan du lese meir om månadleg fakturering og korleis du gjeng fram for å få det.

Utsetting av betaling 

Du kan be om å få utsett betalinga i 30 dagar inntil to gongar pr. halvår.

Du kan ikkje be om utsetting om du har meir enn to ubetalte fakturaer, eller meir enn 
NOK 12 000,00 uteståande til Sula kommune.

Slik søker du om betalingsutsetting

  • Her søker du om betalingsutsetting.
  • Du må logge inn via Id-porten. Hjelp til å logge på.
  • Klikk på fakturaen du ønsker å utsette betaling av. Du vil då få opp i ei boks til høgre i bildet for søk om betalingsutsetting, Om du ikkje får opp denne boksa er det fordi du ikkje fyller vilkåra for å søke om utsetting (sjå over).
  • Du får så opp ei boks der du må stadfeste at du ønsker å utsette betalinga
  • Til slutt får du beskjed om at betalingsutsettinga er godkjend og ny forfallsdato. 
  • Om du har AvtaleGiro eller eFaktura må du sjølv endre forfallsdato i nettbanken. 

Oversikt over kommunaltekniske avgifter med forklaring

AvtaleGiro og eFaktura

Vi anbefalar deg å opprette AvtaleGiro eller eFaktura i nettbanken din. Om du opprettar AvtaleGiro eller eFaktura vil det tre i kraft frå neste faktura.

Meir informasjon AvtaleGiro og eFaktura

Fann du det du leita etter?