Sula kommune

Betre publikumskart

No er det blitt enklare å hente fram den kartinformasjonen du treng - både når det gjeld innsyn i kart, planar og bygge- og delesaker i kommunen.

- Vi lanserer no ein oppgradert versjon av kartløysinga Geoinnsyn, fortel Knut Helge Skare, som er avdelingsleiar for geodata i Ålesund kommune. - Det er publikumskarta våre som no er blitt raskare og meir moderne. Det har kome fleire funksjonar og den har blitt enklare å bruke.

Programvara vil stadig bli vidareutvikla og meir funksjonalitet vil kome lovar leverandøren Norconsult informasjonssystemer.

Sjå GeoInnsyn

Betre sjølvbetening

Sula kommune brukar den same kartløysinga som Ålesund kommune. Vi håper at den oppgraderte versjonen skal gi både innbyggarar, politikarar og næringsliv betre innsyn i kart og planar i kommunane, og at mange sjølv skal klare å hente fram den kartinformasjonen dei har bruk for.

Kva får ein i publikumskarta?

Gjennom Geoinnsyn kan alle enkelt få innsyn til all tilgjengeleg informasjon om eigedomar, bygningar og adresser, informasjon frå den såkalla matrikkelen. Ein får óg innsyn i alle kommunale arealplanar med tilhøyrande saksdokument.

I et samarbeidsprosjekt med Statens kartverk er óg fleire årgangar av historisk flyfoto, heilt frå 1947 og fram til i dag, lagt inn i kartinnsynet.

Med direkte tilgang til tre ulike årgangar av skråfoto (2008, 2014 og 2021) og ein enkel terrengmodell kan ein og studere terreng og bygningar tredimensjonalt.

Programmet inneheld óg nokre teiknefunksjonar, slik at ein raskt og enkelt kan teikne i kartet og lage eigne kartutskrifter. Alle eigarar, såkalla heimelshavarar, kan lage og skrive ut nabolister for eigedommar som dei sjølv eig.

Kontakt

Tor Even Pedersen
Senioringeniør - Oppmålingsavdeling
E-post
Telefon 70 19 91 76
Bjørn Henning Grebstad
Senioringeniør - Oppmålingsavdeling
E-post
Telefon 70 19 78 40
Mobil 70 19 78 40