God opplæring ved innføring
Sula kommune innførte læringsbrett for alle elevar i skulane i perioden 2018-2019. I samband med innføringa gjennomførte skulane ti dagar med kompetanseheving for lærarar, slik at dei fekk god og riktig opplæring i bruk av læringsbretta og digitale læringsressursar.
Pedagogisk trygge og digitalt kompetente lærarar vil gjere betre val knytt til når dei skal nytte ulike læremiddel i undervisninga.
Tydlege tilrådingar
Utdanningsdirektoratet har no kome med tydelege tilrådingar om kva som skal vere tillate på elevane sine digitale einingar gjennom sin nasjonale rettleiar «Korleis beskytte elevar mot skadeleg innhald på nett» som ligg på udir.no.
Det største problemet dei siste åra, har vore å finne gode nok filter når nettbretta blir brukte utanfor skulen, seier Ragnhild Hanken Skjong, kommunalsjef for kultur og oppvekst i Sula kommune.
No har Sula kommune via eKommune Sunnmøre gått til innkjøp av ei mykje strengare filterløysing, kalla Umbrella. Løysinga vart først pilotert i småskala på to læringsbrett og deretter pilotert på Solevåg skule. Denne løysinga fungerer like godt på heimenettverk som på skulenettverket. Erfaringane har vore så gode at vi frå 16. oktober 2024 har bede eKS om å rulle ut Umbrella på alle læringsbrett i Sulaskulen.
Dette gjer at vi i større grad kan bestemme kva elevane skal vere skjerma for. Filterløysinga klarer å stoppe reklame og søk på ikkje ønska innhald som pornografi eller anna skadeleg innhald. Vi ser at denne løysinga avgrensar tilgangen mykje betre enn tidlegare.
“Tillat-filter”
Sula kommune har også, i samarbeid med eKommune Sunnmøre, utvikla eit «tillat-filter». Dette inneber at internettlesar på læringsbretta blir stengd for alt anna enn dei nettstadene skulane har definert som relevante. Barneskulane har saman arbeidd fram ei samla liste over kva nettstader elevane skal ha tilgang til.
Dei yngste elevane, definert som 1. og 2. trinn i Sula, vil med dette filteret berre ha tilgang til nettstader og appar som skulane meiner er naudsynte for undervisninga. Vi vil på 1. og 2.trinn arbeide særleg med å utvikle nettvett, digital dømmekraft og digital kompetanse. Dette er spesielt viktig når dei yngste elevane nyttar digitale einingar på eiga hand, anten på skulen eller heime.
Dei nye tilrådingane frå Kunnskapsdepartementet er i tråd med det kommunen har forventa. Det er ingen overraskingar i tilrådingane, og vi kjenner oss godt budd på dei. Det har vore utfordrande å finne dei beste løysingane, men vi meiner vi no har funne to gode løysingar. Ei løysing som skjermar dei yngste elevane spesielt, men også ei løysing som skjermar alle elevar godt.