Sula kommune

Covid-19 - Fakta og råd inn mot ferien

Sommaren er her og ferietida nærmar seg for mange. I perioda vi no går inn i har vi gjerne meir kontakt med andre enn elles i året og det ekstra viktig å ta smittevernreglane på alvor. Om du sjølv eller ei nærkontakt av deg blir smitta, er det viktig at du veit kva du kan og kva du ikkje kan gjere.

Alle må ta omsyn til dei generelle smittevernråda:

  • Hugs god hand- og hostehygiene.
  • Du og dine næraste kan omgås som normalt.
  • Hald god avstand til andre enn dine næraste, minst 1 meter.
  • Om du får symptom på luftvegsinfeksjon må du halde deg heime.
  • Ta kontakt med helsevesenet for testing om du har symptom på covid-19.

Om du er nærkontakt av ein som er smitta med covid -19, gjeld særskilte krav til deg. For nærkontakter som husstandsmeldemmar eller tilsvarande av den smitta, er krava ekstra strenge. Les meir om korleis nærkontakter og smitta skal forholde seg i illustrasjonen under.
Les også meir på folkehelseinstituttet sine nettsider her

Klikk for stort bilete 

     

    '