Sula kommune

Detaljplan for gnr 91 bnr 1 m.fl. - Lynggjerdet - 1.gongs offentleg ettersyn

Det faste utvalet for plansaker vedtok på møte den 02.10.2018 i sak 109/18, med heimel i § 12- 10 i plan- og bygningslova, å leggje forslag til  detaljregulering for gnr 91 bnr 1 m.fl. – Lynggjerdet ut til 1. gongs offentleg ettersyn.

Planområdet ligg aust for Langevåg barneskule. Formålet med planarbeidet er leggje til rette for bustadbygging i følgje kommuneplanen. Plankart og saksdokument vert lagt ut til offentleg ettersyn i tidsrommet 11.10.2018 – 23.11.2018 på Sula rådhus og på internettsidene til Sula kommune. Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg, innan 23.11.2018.

 
 
Fann du det du leita etter?