Sula kommune

Drikkevassforsyninga i Sula kommune – kort om tilstand og kvalitet

Sula kommune kjøper vatn frå Ålesund kommune som nytter Brusdalsvatnet som kjelde. Brusdalsvatnet vert vurdert som ei god og robust drikkevasskjelde.

Vatnet vert reinsa i Ålesund før det vert levert inn på leidningsnettet til Sula kommune.

På Sula har vi to høgdebasseng og leidningsnett for forsyning ut til husstandar og andre abonnentar. Det vert tatt prøver for å kontrollere kvalitet på vatnet to stader i kommunen kvar veke. Vi har dei siste åra ikkje hatt prøver som viser avvik på kvaliteten til drikkevatnet. Resultatet av drikkevassprøvene er publisert på nettsidene våre.

Sula kommune har hatt ei utskiftingstakt på ca 2 % av leidningsnettet siste åra og tilstanden vert samla vurdert som akseptabel. Med dei rutinane som er etablert for tilsyn og overvaking skal det være trygt å nytte vatnet frå leidningsnettet vårt. Det vil likevel vere viktig å sette av tilstrekkelig ressursar til drikkevassforsyninga på Sula i åra som kjem.

Kontakt

Birgitte Valderhaug
Senioringeniør
E-post
Telefon 70 19 91 74
Mobil 958 44 038
Fann du det du leita etter?