Sula kommune

Eit nytt smittetilfelle - 29.04.21

Sula kommune fekk torsdag kveld melding om eit nytt smittetilfelle. Smitteveg er kjent og kan sporast tilbake til utbrotet på Tollboden, sjølv om den smitta ikkje har besøkt restauranten.   Nærkontaktar er kontakta og sett i karantene.

Blant dei karantenesette er ei klasse ved Borgund VGS.

Personar som har vore på treningssenteret Aktiv Blindheim måndag 26.04. mellom 19:30 - 22:30 er varsla på SMS. Dei er bedt om å bestille seg tid for test, og gå i karantene til dei får svar på testen.

Ha låg terskel for å teste deg, bestill time til koronatest på www.c19.no