Sula kommune

Eit smittetilfelle på båt som ligg ved Fiskerstrand Verft AS

Sula kommune fekk tysdag kveld melding om ein person som har testa positivt for korona. Vedkomande er mannskap på ein russisk båt som ligg ved Fiskerstrand Verft AS.

Smitten vart oppdaga i samband med rutinemessig testing ved ankomst Fiskarstrand Verft AS. Det er totalt 91 besetningsmedlemmar om bord i båten, alle er testa, dei øvrige testane var negative.

Den smitta har berre milde symptom og er sett i isolasjon på eit hotell i Ålesund. Resten av mannskapet sit framleis i karantene. Dei  karantenesette vil bli følgt opp av helsetenesta i Sula, det er planlagt ny testing av alle i morgon.

Det har ikkje vore kontakt mellom mannskapet og lokalbefolkninga eller tilsette på verftet. Fiskerstrand Verft AS opplyser at mannskapet ikkje har vore utanfor verftsområdet, og at det er vakthald heile døgnet.

Sula kommune samarbeider tett med verft, skipsagent, Statsforvaltar og FHI om handtering av utbrotet.