Sula kommune

Elektronisk bestilling av koronavaksine

Det er no lagt til rette for at innbyggarane i Sula kommune kan bestille koronavaksine på nett.  Vi gjer merksam på at prioriteringsrekkefølga for koronavaksinasjon framleis er gjeldande. I dag har det gått ut SMS til dei som får tilbod om vaksine i veke 7, (15. - 19.02.21), og det er berre dei som kan bestille vaksine no. Vi vaksinerer no personar i alderen 75 - 84 år. Vi vaksinerer etter alder, dei eldste i gruppa får tilbodet først.

Når det er din tur vil du få ein SMS frå oss/c19 med beskjed om at du kan gå inn og bestille time. Om du prøver å bestille før du får SMS, vil du få beskjed om du ikkje er i prioriteringsgruppa, og at du må prøve på nytt seinare.

Hjelp frå pårørande

Om du er pårørande til ein som har fått tilbodet, og som synes det er vanskeleg å bestille time på nett kan du logge deg på med din eigen BankID for å bestille time til vedkomande.

Slik bestiller du time til koronavaksinasjon på nett

  • Du vil få ein SMS frå oss/c19 med beskjed om at det er din tur å få koronavaksinasjon, i den finn du ei lenke til c19.no, nettstaden der du kan bestille vaksine. Om du synes det er vanskeleg å bestille time på nett kan du ringe kommunelegekontoret på 70 19 91 60.
  • Logg inn med digital ID, til dømes BankID.
  • Trykk på "Bestill time for koronavaksinasjon".
  • Fyll ut skjemaet. Merk at du også kan bestille vaksinasjon for andre, for eksempel om du er pårørande til ein som ikkje klarer det sjølv.
  • Du får automatisk tildelt ein time, du kan ikkje velje tidspunkt sjølv. Om timen ikkje passar du ta kontakt med kommunelegekontoret på telefon 70 19 91 60.
  • Du får ei kvittering på bestillinga di med beskjed om tidspunkt for timen, kvar du skal parkere, samt kva for du inngang du skal bruke, og kva for avlukke du skal gå til. Oppmøtestad er Langevåg bedehus, sjå bilde nedst i artikkelen.
  • Du vil få ei påminning på SMS dagen før timen.

Transport til vaksinasjonsstaden

Transport til vaksinasjonsstaden er ditt eige ansvar. Du kan bruke TT-kort om du har det. Du kan bestille tur med Turbilane AS, dei har tilhald i Langevåg og kan nåast på telefon 90 90 80 90, eller e-post: post@turbilane.no. Du kan også ringe Sula frivilleg sentral på 91 86 06 59.

Om du ikkje har noko moglegheit til å kome deg til vaksinasjonsstaden må du ringe kommunelegekontoret på 70 19 91 60.

Dette bør tenke på før du møter opp

  • Hald deg heime dersom du er sjuk/har symptomer eller er i isolasjon/karantene.
  • Hugs å ta med gyldig legitimasjon
  • Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema frå FHI.no (PDF, 550 kB) Om du ikkje har moglegheit til å skrive ute skjemaet sjølv, kan du hente papirskjema i servicetorget på rådhuset eller på Spar Eidsnes.
  • Av omsyn til smittevern ber vi deg møte presis, ikkje for tidleg.
  • Ha på kle som gjer overarma di lett tilgjengeleg, for eksempel t-skjorte
  • Du skal vente i 20 minutt etter vaksinering. Hald deg roleg i setet ditt.

Dose to

Vaksinen består av to dosar. Du får automatisk tildelt tid til dose to når dose ein er tatt. Du vil få varsel på SMS, og påminning dagen før avtalen. 

Om du er i tvil på om du skal ta vaksinen

Det er frivillig å ta vaksinen, men vi anbefalar alle som får tilbod om vaksinering å ta den. Om du er i sterk tvil på om du bør ta vaksinen av helsemessige grunnar bør du ringe fastlegene din. Om du ikkje ønsker å ta vaksinen MÅ du gi oss elektronisk beskjed om det, slik at personar som er bak deg i køen kan få tilbodet.

Oversikt over parkering, inngang og utgang 

Koronavaksineringa i Sula kommune er lagt til Langevåg bedehus. På bildet under finn du ei oversikt over parkering, inngangar og utgangar. Du får beskjed i SMS om kvar du skal parkere, og kva inngang/utgang du skal bruke.

Klikk for stort bilete