Sula kommune

Endring i henteordning av renovasjon frå 1. april

Sula kommunestyre vedtok i møte den 14.11.18 at søppeldunkane ikkje lenger skal hentast ved husvegg i Sula kommune. Dunken blir framleis hentast ved husvegg der henteavstanden er inntil 5 meter.

Ordninga tek til å gjelde frå 1. april 2019.

Ein kan framleis få henting ved husvegg, men etter 1. april er det ei teneste som må bestillast av den enkelte og som blir fakturert etter gjeldande satsar. For meir informasjon, ta kontakt med Årim på telefon 70 31 41 00 eller post@arim.no.

Årim AS vil i løpet av mars sende ut ei brosjyre med informasjon om ordninga for ny henteavstand der det også vil ligge ved kart over renovasjonsruta i Sula kommune.

Samlepunkt og deling av renovasjon

Dersom du er interessert i informasjon om planlegging av samlepunkt / deling av dunkar for renovasjon i ditt  Ta kontakt med Årim for spørsmål og oppretting av samlepunkt.

Meir informasjon om samlepunkt og deling av renovasjon

Fann du det du leita etter?