Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Endringar i heimetenestene som følge av koronaviruset

Mange har spørsmål om korleis heimetenestene (HBO) fungerar no i desse koronatider.

Under finn du svar på nokre av dei vanlegaste spørsmåla vi får.

Endringar i heimetenestene

Korleis jobbar vi for å unngå smitte?

Vi har i desse tider eit ekstra stort fokus på å minske moglege smittevegar. Mange av våre brukarar er i risikogruppa for å bli alvorleg sjuk av dette viruset, og vi har derfor innført tiltak for å redusere risiko. Døme på slike tiltak er:

  • Vi har innarbeidd gode hygienetiltak i tillegg til den naturlege handvasken. T.d.vert handtak, tastatur, telefonar, flater og liknande reingjort for kvart vaktskifte. Vi desinfiserer også ratt, dørhandtak m.m i bilane for kvar vakt. Likeeins prøver vi å halde avstand til kollegaer på jobb, t.d.ved at alle ikkje tek matpause på same rom, ikkje sit for tett på i rapportar og liknande.
  • Om nokon av personalet t.d.opplever å bli akutt forkjølt, held dei seg vekke frå arbeid til dei er symptomfrie eller til dei er undersøkt for koronasmitte.
  • Det går meir av andre virus enn korona, og du kan difor oppleve at personalet bruker munnbind om dei er litt forkjølt, dette for å unngå smittespreiing.
  • Vi har sett i verk tiltak der vi har begrensa tal på personell som går til kvar enkelt brukar.   
Har vi nok folk?

Vårt mål er å ha nok personale på jobb til ei kvar tid. Utfordringane kan kome dersom vi får mange brukarar som er smitta og/eller dersom mange i personalgruppa vert smitta. Vi har derfor gjort fleire grep for å bu oss på ein slik situasjon.

Vi har mellom anna lært opp nokre av dei som skal vere ferievikarar slik dei kan trå til på kort varsel allereie no om det vert behov for det. Vi har også redusert litt på tilbodet til enkeltbrukarar der vi har funne det forsvarleg, eller ved at pårørande kan bistå.

Vi har også innhenta lister over helsepersonell som har meldt seg til kommunen, og over personell i andre einingar i kommunen som kan bistå dersom behovet kjem. I tillegg har mange i tenestene meldt at dei kan ha kapasitet til å jobbe ekstra.

Vi er glad for at mange er villig til å yte ekstra i den situasjonen vi no står i. Til no har tilgongen på personal vore god, og vi har kunna bemanna litt opp for mellom anna å kunne yte tenester til dei som heime på grunn av stengde dagsenter.

 

Kva kan pårørande bidra med?

Vi ber om at familie eller andre aktuelle som har muligheit til å bistå sine med t.d. tillaging av måltid, augedrypping, støttestrømper, medisin, dusj/personleg hygiene og eventuelt andre oppgåver, tek kontakt med oss. Dette vil medverke til at vi i heimetenestene i større grad kan prioritere ressursane inn mot dei mest kritiske behova.


 

Kva om det vert mange smitta?

Dersom det vert mange smitta vil dette kunne få konsekvensar for tenesteytinga vår ein periode. Vi beklager ulemper dette kan føre til. Tiltak som kan vere aktuelle er:

  • Midlertidig reduksjon av tilsyn/bistand – dei det gjeld vil få nærare beskjed. Det kan bli aktuelt å erstatte tilsyn med t.d. ringetilsyn.
  • Hjelp til dusj kan måtte endrast i perioden, dette med tanke på minst mogleg nærkontakt. Dette blir vurdert opp mot den einskilde sin samla situasjon.
  • Helsehjelpa vil bli meir avgrensa der dette blir vurdert som forsvarleg, med færre  og/eller kortare tilsyn frå HBO.
  • Tillaging av brødmåltid som no blir gjort av HBO kan verte avgrensa. Middag vert som no levert på trappa, då kjøkkenpersonalet ikkje kan gå inn i heimane på grunn av smittafare.
  • Vert personalsituasjonen kritisk, kan praktisk bistand som husvask opphøre for ein periode, då personalet må omdisponerast til pleie.
Kva om eg som er brukar vert sjuk eller blir eksponert for smitte?

Det er svært viktig at du som er brukar hos oss gir beskjed til oss per telefon dersom du har vore i kontakt med personar med påvist koronasmitte.

Vi ber også om at de gir beskjed til oss dersom du som er brukar har forkjølingssymptom og/eller om du har vore i nærkontakt med nokon som er forkjøla utan at det er påvist korona. Vi kan med denne kunnskapen ta forholdsreglar før vi går inn i heimen din.

Pårørande kan ringe dersom dette er vanskeleg for deg.

 

Korleis ta kontakt med oss?

HBO indre:

Personalbase: 47 62 08 34
Vakttelefon: 90 58 57 86

HBO ytre:

Personalbase: 70 19 87 11
Vakttelefon: 95 83 07 10

Vi ber om at du først prøver å nå oss på personalbasen før du ringer vakttelefonen.