Sula kommune

Erling Arne Fylling tildelt Kongens fortjenestemedalje

Tysdag 23. august overrekte ordførar Jim-Arve Røssevoll Kongens fortjenestemedalje til Erling Arne Fylling. Han får medaljen for den store innsatsen han har gjort for dei døve.

Ordførar Jim-Arve Røssevoll og Erling Arne Fylling Odd Solnørdal, Sulaposten  

Kongens fortjenestemedalje heng veldig høgt og er eit bevis på at mottakaren har gjort ein eineståande innsats innanfor ulike samfunnsområde.

Erling har  lagt ned eit omfattande frivillig arbeid både for Døves menighet i Ålesund og Møre og Romsdal døveforeining. Han har gjort ein kjempeinnsats for døvemiljøet som kongen sjølv har valt å gi ei påskjønning for. Derfor har vi i dag samla oss her, med familie og vener , for å feire, for å ære og for å takke Erling for den usjølviske innsatsen han har gjort for å hjelpe andre og spreie glede til dei rundt seg gjennom mange tiår, sa ordførar Jim-Arve Røssevoll

Vi gratulerer!