Sula kommune

Faktura for kommunale avgifter

Dei av dykk som betalar faktura for kommunale avgifter fire gongar i året, vil motta fjerde og siste faktura for 2022 i veke 47/48. Frå og med i år er forfallsdato for fakturaen for fjerde kvartal endra frå 20. november til 20. desember.

Du kan også velje å få månadleg faktura.  Då må du sende oss melding på elektronisk skjema.