Sula kommune

Fakturering av eigedomsskatt i 2022

Frå og med 2022 blir eigedomsskatten fakturert saman med kommunale avgifter. Vi sender ut faktura i fire terminar med forfall 20. mars, 20. juni, 20. september og 20. desember. Dei som har avtale om månadleg faktura vil få eigedomsskatten fordelt på 10 månader.

Faktura ein gong i månaden

For dei som har månadleg faktura er takst og skatt for 2022 ikkje klart før i slutten av februar,  eigedomsskatten blir derfor fordelt på dei 10 siste månadane (mars – desember). Eigedomsskatt for januar og februar kjem på fakturaen for mars, den blir derfor litt høgre enn for dei andre månadane.

Be om å faktura for kommunale avgifter ein gong i månaden.

Om du betalar berre eigdomsskatt

For dei som ikkje har kommunaltekniske avgifter, men berre betalar  eigedomsskatt (for eksempel ei tomt eller eit naust), blir det fakturert to terminar som før, med forfall 20. april og 20. oktober.  

For dei som har felles faktura i sameige

Eigedomskatten for dei som har felles faktura på kommunale gebyr til sameige, blir fakturert fire gongar i året 20. mars, 20. juni, 20. september og 20. desember.