Fem om dagen for ein betre kvardag

Visste du at med 5 enkle grep kan vi få ein betre kvardag? Rådet for psykisk helse har laga eit kurs som dei kallar “Hverdagsglede”, der tek dei for seg desse grepa.

Lykkeforskar Ragnhild Bang Nes fra UiO og folkehelseinstituttet, følger med på nordmenn si svingande tilfredsheit i livet og forsøker å finne ut korleis vi kan få ein betre kvardag. Sjølv om livet kan vere prega av kriser i inn-/utland, er det konkrete grep vi kan ta for å oppleve ei auka kjensle av lykke. Fem punkt peikar seg ut

  • dyrk relasjonar til andre
  • ver fysisk aktiv
  • ver tilstades i livet
  • lær noko nytt
  • gjer noko hyggeleg for andre

Ei rekke undersøkingar viser at ting vi gjer er av stor betydning for korleis vi trivast i kvardagen. Bli bevisst den krafta som ligg i små justeringar; små steg kan føre til store endringar.

5 enkle grep er den psykiske helsa si «fem om dagen», og kan bidra til ei god helse.  (Hverdagsglede - Rådet for psykisk helse)

Inspirasjonskurs

Meld deg på og få eit løft! 

Kurset passar for folk over 18 år som ønsker å ta grep i kvardagen. Kvardagsglede handlar mykje om «kva som skapar gode kvardagsopplevingar» og at det bidreg til ei god psykisk helse. Ei rekke undersøkingar syner at ting vi gjer er av stor betyding for korleis vi trivst i kvardagen. Og det er akkurat det dette kurset handlar om – korleis du med fem grep og konkrete øvingar kan oppleve auka kvardagsglede. 

Kurset er utvikla for Frisklivssentralar og andre instansar i kommunen som driv med helsefremjande arbeid. Det er © Rådet for psykisk helse som har utvikla kurset, med midlar frå Stiftelsen Dam.

Påmelding og praktisk info

Er dette noko for deg trur du? Om du ønsker å melde deg på kurset, eller få meir informasjon,  kan  du kontakte oss på e-post: evie.hoyberg@sula.kommune.no  eller telefon 95 71 02 60. Kursa vil starte når mange nok har meldt seg på.

Kontakt

Evie Høyberg
Fysioterapeut for vaksne og frisklivskoordinator
E-post
Telefon 95 71 02 60