Sula kommune

Folkemøte om klima

Tid og stad: 24.sep. kl 18:00 - 20:30, Utsikten, Devoldfabrikken
 

Vi inviterer til folkemøte om klima, for å få innspel til korleis vi kan redusere klimagassutsleppa i regionen vår. Kva for klimamål bør vi sette oss lokalt? Korleis kan det offentlege legge til rette slik at det blir enkelt å gjere miljøvennlege val i kvardagen? Kva for utfordringar og moglegheiter er det for næringsutvikling i det grøne skiftet?

Vel møtt!