Sula kommune

Foreldrerettleingskurset Circle of Security (COS)

I denne artikkelen finn du meir informasjon om tilbodet om foreldrerettleiing som er omtalt i artikkelen "Ta ein prat om det" i Sulaposten i dag. Du finn også lenke til påmeldingsskjema.

Mange foreldre synes det er utfordrande å gje barna sine tryggleik og god oppvekst. Foreldrerettleingskurset Circle of Security (COS), tryggleikssirkelen, skal gi foreldre verktøy til å forstå betre kva behov barn har, kva signal dei gjev og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre.

Målet med COS

Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar vi møter i livet. Rettleiinga kan også bidra til et godt samspel mellom deg og dine barn.

I COS snakkar vi om

  • Tryggleikssirkelen: Tryggleikssirkelen gir oss hjelp til å sjå kva behov barn har for støtte frå foreldre, både når dei utforskar verda og når dei opplever vanskelege kjensler.
  • "Vere saman" i tryggleikssirkelen: Barn lærer og utviklar seg i samspel med foreldre. Samspelet er grunnleggande for korleis barn utviklar trygg tilknytning kjenslemessig.
  • Vegen til tryggleik: Kor tilgjengeleg du er som forelder påverkar ditt barn sin måte å formidle kjensler og behov.
  • Vanskelege situasjonar: Vi vil gi foreldre nokre reiskap til samspel mellom dykk og barna når situasjonen kjem ut av kontroll. Vi ser på balansen mellom det å vere tydeleg og samtidig vere en god forelder.
  • Foreldra sine eigne erfaringar: Nokre gonger har vi vaksne erfaringar frå eigen fortid som gjer at reaksjonar i notid kan bli "større" enn nødvendig. Kurset vil gi dykk nokre reiskap til korleis de kan handtere dette.

Kven kan vere med?

Kurset er prioritert for foreldre med barn mellom 0-8 år. Kurset går over 8 gongar,  1,5 time per gang. Kurset vekslar mellom video og samtale.

Korleis melde seg på?

Det er planlagt eit kurs med oppstart 05.02.20, påmeldingsfrist er 27.01.20. Her kan du melde deg på. 

For meir informasjon, ta kontakt med psykososial rådgjevar Hilde Heltne på telefon 915 60 613 .

Kontakt

Hilde Heltne
Psykososial rådgjevar
E-post
Mobil 915 60 613