Sula kommune

Forseinka arbeid med områderegulering av Solavågen

I januar i år varsla Norconsult AS, på vegne av Sula kommune, oppstart av områderegulering for Solavågen. Planarbeidet blir noko forseinka. 

I samband med planarbeidet har Fylkeskommunen stilt krav til kulturminneundersøkingar. Planprosessen er avhengig av klarsignal frå Fylkeskommunen, og resultatet av desse kulturminneundersøkingane, før vidare arbeid og 1. gongs handsaming av planen.

Arbeidet med undersøkingane blei starta i august, men er no stoppa på uviss tid då ein av grunneigarane har nekta arkeologane og gravemaskin adgang til eigedomen sin. Kommunen jobbar med å finne ei løysing, men dette vil dessverre medføre at planarbeidet vil bli noko forseinka.

Meir om planen

Hovudmålsettinga med planen er å regulere ei god løysing for veg og annan infrastruktur i området. Følgande sto å lese i kunngjeringa om melding om oppstart av planarbeidet:

Med bakgrunn i vedtak i Det faste utvalet for plansaker, arkivsak 21/2282 varslar Norconsult AS på vegne av Sula kommune oppstart av områderegulering for Solavågen. Planområdet er ca. 400 dekar.

Planen blir utarbeidd i samsvar med Plan- og bygningslova kap. 12. Med bakgrunn i Forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR-2017-06-21-854, i kraft 01.07.2017) er det av Sula kommune vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

Hovudmålsettinga med planen er å regulere ei god løysing for veg og annan infrastruktur i området

Plandokument

Kontakt

Bjørn Henning Grebstad
Senioringeniør - Oppmålingsavdeling
E-post
Telefon 70 19 78 40
Mobil 70 19 78 40