Sula kommune

Forslag  til fartsforskrift rundt Langevågsholmane

Det faste utvalet for plansaker vedtok  i møte 04.02.2020 å legge forslag til fartsforskrift rundt Langevågsholmane ut til offentleg ettersyn.

Etter ein interpellasjon frå Sula Arbeidarparti har kommunestyre vedtatt å starte opp eit arbeid med siktemål å få laga ei fartsforskrift for Langevågsholmane.

I vedtaket vart det  presisert at dette ikkje skal vere til hinder for å oppretthalde rutetilbodet og frekvens for Langevågsbåten.  Forslaget ligg ute på Sula kommune si heimeside, og på rådhuset.

Merknader til forslaget skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no  innan 20.04.2020.