Sula kommune

Første koronavaksinen er sett i Sula kommune

Onsdag 06.01.21 blei den første koronavaksinen i Sula kommune sett på Sulatunet. Jorunn Aandal fekk det første stikket. Sjukepleiar Marit Bonsaksen satt vaksina.

Klikk for stort bileteOnsdag 06.01.21 blei den første koronavaksinen i Sula kommune sett på Sulatunet. Jorunn Aandal fekk det første stikket. Sjukepleiar Marit Bonsaksen satt vaksinaSula kommune fikk dei første dosane med vaksine i dag klokka 09:00, i løpet av ettermiddagen var alle dei 36 dosane sett. Det var bebuarar ved Sulatunet som fikk vaksinane. 

Neste veke vil Sula kommune få 24 vaksinedosar. Dei vil bli fordelt på bebuarar ved Sulatunet som ikkje fikk vaksine i dag, samt samfunnskritisk helsepersonell.

Helseavdelinga er no godt i gong med å førebu vidare vaksinering i samsvar med prioriteringane som er fastsett på sentralt hald.  Vi vil kome med meir konkret informasjon om når, kvar, og korleis vaksineringa skal gjennomførast for dei ulike priorteringsgruppene så snart det er avklart. 

Les meir om prioriteringar på Folkehelseinstituttet sine heimesider.

Ikkje trygg før etter om lag ein månad

Alle som får vaksinen må ha dose nummer to etter minst 21 dagar. Om lag ein månad etter første dose reknar vi med at vaksinen har effekt, og vil kunne beskytte dei som blir vaksinert. 

Vi må likevel halde fram med smitteverntiltak for å hindre at smitta breier seg mellom dei som ikkje er vaksinert, og mellom personale. Når flest mogleg i risikogruppa er vaksinert, og smitta er fallande, vil vi gradvis kunne lette på tiltaka.

Meir informasjon om koronavaksinen

Du kan lese meir informasjon om koronavaksinen på