Sula kommune

God framdrift i vaksineringa

Det er god framdrift i vaksineringa i Sula kommune. Denne veka får personar født i 1972 SMS med beskjed om at dei er prioriterte for vaksine. Vi er med det i gang med vaksinering av målgruppe 9 av 11. 

Målgruppe 9 er personar i alder 45-54 år. Dei blir vaksinert etter alder, dei eldste først.

Vaksinerte totalt i Sula kommune

Status for antall vaksinerte i per 03. juni:

  • Dose ein: 3 016  (42,5 %)*
  • Ferdig vaksinert: 2 221 (31,3 %)*

* Det er om lag 7 100 innbyggarar i Sula kommune over 18 år, og som er i målgruppa for vaksine. Prosentandelane er rekna ut i frå dette talet.

Koronavaksine og sommarferie

Koronavaksineringa vil foregå også i den perioden dei fleste av oss har sommarferie. Ta i mot tilbodet om vaksine, sjølv om timen du får kanskje ikkje er optimal i forhold til andre ting du har planlagt. Til raskare vi får  vaksinert befolkninga - til raskare kan vi alle få tilbake ein meir normal kvardag. Så vi ber deg ta ein for laget, og prioritere å vaksinere deg.

Slik bestiller du time/takkar nei

Du må vere i prioritert målgruppe før du kan bestille time. Du vil få ein SMS frå c19.no når det er din tur.  Å bestille time/takke nei er fort gjort, det tar knappast 5 minutt. Du berre følger lenken i SMS’en. Det einaste du treng er BankID eller liknande for logge deg på. Om du får problem kan du kontakte servicetorget på 70 19 91 00.

Du kan også bestille time til andre som har fått melding om at dei er prioritert, men som av ulike grunnar synes det er vanskeleg å bestille time sjølv.

Det er ikkje lenger slik at helseavdelinga ringer deg om du ikkje responderer på SMS'en. Du er sjølv ansvarleg for å bestille time. Du vil ligge som prioritert, og ha moglegheit til å bestille time, heilt til du har bestilt time eller takka nei.

Bestill time for vaksinering her.

Om du er i tvil eller ikkje ønsker å ta vaksinen

Det er frivillig å ta vaksinen, men vi anbefalar alle som får tilbod om vaksinering å ta den. Om du er i sterk tvil på om du bør ta vaksinen av helsemessige grunnar bør du ringe fastlegene din.

Om du ikkje ønsker å ta vaksinen  du gi oss elektronisk beskjed om det, slik at personar som er bak deg i køen kan få tilbodet. Følg same lenke som for bestilling, der er også eit alternativ for å takke nei.

Når bør du kontakte kommunelegekontoret?

Om du er over 65 år, er i målgruppe 5 - 8, eller har fastlege i anna kommune og ikkje har høyrt frå oss, ber vi om at du tar kontakt på telefon 70 19 91 60. Det same gjeld om du tidlegare har takka nei til vaksine, men har ombestemt deg. 

Om du er i ei av risikogruppene som er nemnd over, og har fått inkalling til dose to over 6 veker etter dose ein, kan du også kontakte oss.

Eigenerklæringsskjema

Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema (PDF, 547 kB) når du møter for å få vaksine, gjeld både for dose ein og to. Om du ikkje har moglegheit til å skrive ut skjema heime, kan du hente papirskjema på rådhuset, du finn dei i ei mappe som heng på veggen ved inngangsdøra.

Kvar foregår vaksineringa?

Koronavaksineringa i Sula kommune er lagt til Langevåg bedehus. O. A. Devoldvegen 7 i Langevåg. På bildet under finn du ei oversikt over parkering, inngangar og utgangar. .

Klikk for stort bilete