Godkjent reguleringsplan for Kongshaugen

Reguleringsplanen for det felles reinseanlegget for Sula og Ålesund kommunar er stadfesta godkjent av Statsforvaltaren.

Snødekt hus og landskap ved sjøen - Klikk for stort bilete BLÅ - fjordar for framtida

Sula kommune vedtok i mai 2023 reguleringsplanen for eit fellesanlegg på Kongshaugstranda, Kvasnes. Planvedtaket blei klaga på av fem ulike klagarar.

Klagarane  var uroa for konsekvensar knytt til mellom anna tap av grunneigedom, forureining, trafikkforhold og den økonomiske belastninga anlegget vil ha for alle innbyggjarane i kommunane, og ønskjer ikkje anlegget til sitt nærområde. 

Godt utgreidd

Etter å ha vurdert klagepunkta har Statsforvalteren no stadfesta reguleringsplanen.

Statsforvaltaren seier at planprosessen har vore gjennomført i samsvar med lova sine krav, at verknadane av planen er godt utgreidde og at planen gir uttrykk for kommunens ønska utvikling.

Samfunnsinteresse må vege tyngst

Når dei formelle sidene ved planvedtaket er oppfylt, ligg det til kommunen sjølv å avgjere kva utvikling dei ønskjer lokalt. Statsforvaltaren skal ikkje ta stilling til politiske spørsmål knytt til plasseringa av anlegget.

Statsforvaltaren viser til at kommunen har vurdert interessemotsetnadane mellom nasjonale krav til reinsing og fare for byggestopp, og til klagarane som ikkje ønskjer anlegget i sitt nabolag. Statsforvaltaren seier dei er einige med kommunen i at samfunnsinteressene ved reguleringsplanen må vege tyngre enn ulempene som rammar lokalt.

Heile vedtaket finn du her. (PDF, 417 kB)