Sula kommune

Ha låg terskel for å teste deg!

I går vart nærkontakter til personen som var mistenkt smitta med mutert virus retesta. Andre potensielle kontakter i Sula Kommune vart også testa. Vi har no fått svar på testane og alle var negative.

- Vi vil likevel kome med ei sterk oppmoding om at alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon, febersjukdom eller magesjuke (diare), sjølv ved lette symptom, bestiller seg tid for testing på c19.no, seier kommuneoverlege Marainne Kolsvik Bjerkevåg. 

Bestill tid til koronatest